Fylket støttar lokale vegprioriteringar

Utbetring av fv 38 mellom Åmot og Dalen og asfaltering av fv 355 frå Krossli til Tjønnefoss er to av prosjekta i fylkesvegplanens handlingsprogram 2011-2014.

Dei to vegprosjekta er også dei Vest-Telemarkrådet (VTR) prioriterte i uttala si til fylkeskommunen i høve arbeidet med den nye fylkesvegplanen frå 2011 til 2019.

– Her har me eit lysande døme på at regionen har fått ynskja sine med i fyrste del av vegplanperioden fordi ein i Vest-Telemark evna å stå samla om prioriteringane. VTR har synt realisme og ikkje ført opp ei «smørbrødliste» med vegkrav, sjølv om det hadde vore lett med det store etterslepet me har på vegane, seier fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Både fv 38 og fv 355 har fylkeskommunen karakterisert som strategisk viktige vegar. Frå 2011 til 2014 er det sett av 11 millionar kroner til investeringar på fv 38 mellom Åmot og Dalen. Ein vil bruke fem millionar kroner i 2013 og seks millionar kroner i 2014.

Dersom fylkestinget vedtar vegplanen skal det investerast 30 millionar kroner på fv 355 mellom Krossli og Tjønnefoss. Her er 19 millionar sett opp i 2011 og 11 millionar kroner i 2012. Ei vidareføring av oppgraderingsarbeidet på fv 355 vil skje i siste planperiode frå 2015 til 2019.

Livsviktig fylkesveg

Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal peiker på at fv 355 er den einaste vegen til og frå Fyresdal. Vegen er difor heilt avgjerande for både busettinga og næringslivet i kommunen.

– Ein må ikkje gløyme at det er mange verksemder i Fyresdal med eit stort transportvolum for å få produkta fram til kundane. Der går 80-90 vogntog i veka på fv 355, og skogbruket har ei årleg avvirking på om lag 40.000 kubikkmeter tømmer, understrekar fylkesvaraordføraren.

Vegstrekninga Krossli-Tjønnefoss er 67,8 mil. Framlegget til løyvingar til fv 355 er difor mykje lågare enn kva som trengst for å få til ein god veg på heile strekninga. Lars Bjaadal seier han er heilt på det reine med at millionane som er sett opp fram til 2014 berre er byrjinga.

– Det må mykje godt politisk handverk til i åra som kjem for å skaffe endå fleire millionar kroner til fylkesvegen gjennom Fyresdal, seier Bjaadal.

Vegstrategi

Fylkeskommunen har ein todelt strategi som vegeigar:

* Stoppe forfallet på strategisk viktige vegar og gjere krisetiltak på dei andre fylkesvegane som er i særleg dårleg stand. Desse tiltaka finansierast over drift- og vedlikehaldsbudsjettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Prioritere at ein kjem fram på ein god måte og trafikktryggingstiltak på strategisk viktige vegstrekningar. Desse tiltaka finansierast over investeringsbudsjettet.

I handlingsprogrammet 2011-2014 ser fylkeskommunen for seg å bruke høvesvis 726 millionar kroner til drift og vedlikehald og 400 millionar kroner til investeringar på fylkesvegnettet. Det gjev eit samla fylkesvegbudsjett på 1.126 millionar kroner i fireårsperioden.

Bindingar

I dei fyrste åra er det fleire avtaler som bind opp mykje pengar. Det gjeld mellom anna såkalla funksjonskontraktar (vedlikehald og brøyting). Den seksårige avtala for Vest-Telemark løp ut i 2013. Kostnaden er 9,4 millionar kroner, medan det er eigen kontrakt for Vinje over fem år fram til og med 2011. Her er den årlege kostnaden 9,2 millionar kroner. I tillegg kostar vegljos i Øvre Telemark 1,6 millionar kroner per år med avtale fram til 2014.

Vidare er det bunde opp 16 millionar kroner til asfaltering av fv 854 mellom Hylland og Øyfjell. Fylkeskommunen skal betale desse pengane attende til Vinje kommune når prosjektet elles ville vore gjennomført.

Vedlikehald

I handlingsprogrammet er det også sett av midlar til dekklegging, vegoppmerking, bruvedlikehald og vedlikehald i tunnelar. Fylkeskommunen reknar med at arbeidet med å halde vegane i køyrbar stand aukar. Difor er det lagt inn 20 prosent kostnadsauke i vegplanen.

I perioden 2011-2014 er det sett av til saman 45,5 millionar kroner til asfaltering, merking og andre større vedlikehaldsopgåver i Vest-Telemark utanom Vinje. Vinje er ført opp med 47,5 millionar kroner til desse oppgåvene i fireårsperioden.

Fylkestinget i juni

Fylkevegplanen og handlingsprogrammet er no sendt ut på høyring. Fylkesrådmannen har orientert hovudutval for infrastruktur at det i saksframlegget også vil kome alternativ til tala som er ført opp i handslingsprogrammet. Det vert alternativ som syner konsekvensane for fylkesvegane om det vert meir eller mindre pengar til rådvelde enn det som ligg til grunn i høyringsutkastet.

Endeleg driftsramme for fylkesvegane i 2011 skal fylkestinget avgjere i desember, medan fylkesvegplanen med handlingsprogram er det meininga fylkestinget skal handsame i juni.