Jarand Felland (f.v.)(ordførar Tokke, Sp), Ellen Eriksen (Frp), Lina Bringsli (KrF), Karoline Aarvold (H), Sven Tore Løkslid (Ap), Halvor Homme (Ap), Kåre Pettersen (V)(rad 2 f.v.), Rune Hogsnes (H), Hans Edvard Askjer (KrF), Grete Wold (SV), Mette Kalve (Ap), Halfdan Haugan (ordførar Seljord, Ap), Frode Hestnes (Frp)(rad 3 f.v.), Tarjei Gjelstad (ordførar i Kviteseid, Ap), Tore Kaurin (Statens vegvesen), Trine Jørgensen Dahll (V), Maren Njøs Kurdøl (R), Harald Moskvil (MDG)(rad 4 f.v.), Ådne Naper (SV), Terje Riis-Johansen (Sp), Rune Lødøen, Magne Skårdal (E134 Haukelivegen AS).

Fylkeskandidatane på rundtur i Vest-Telemark

Vest-Telemarkrådet inviterte kandidatane til fylkestingsvalet på tur i Vest-Telemark. Måndag hadde dei ein busstur i regionen der dei tilbakela 25 mil.

Delegasjonen med fylke- og kommunepolitikarar hadde selskap av Statens vegvesen då dei var på ein dagsturne i Vest-Telemark med start og slutt i Seljord.

Skog, kraft og klima

Frå Seljord gjekk ferda vidare langs riksveg 41 til Treungen, og fylkesveg 355 mot Fyresdal. Der fekk politikarane ei orientering om skog og klima av styreleiar i Noregs Skogeigarlag, Olav Veum.

Deretter gjekk turen vidare til Dalen der tidlegare rådmann Rune Lødøen gav ei orientering om kraftpolitikk og Vest-Telemark si rolle. Delegasjonen fekk ei omvising på Tokke kraftverk, før direktør ved Vest-Telemark museum, Dag Rorgemoen, fortalde om behovet for eit bygningsvernsenter i det nye fylket.

Orienterte om vegprosjekt

Undervegs orienterte vegvesenet om aktuelle vegprosjekt og behovet for å betre standarden på både riks- og fylkesvegar. Rundturen vart avslutta med ein tur gjennom den nye Mælefjelltunnelen på E134.

Ni parti representert

– Det var ein flott dag i Vest-Telemark, og oppmøtet var veldig bra, seier ordførar i Tokke og regionvaraordførar, Jarand Felland (Sp) i ei pressemelding.

– Me hadde ni parti med oss, dei fleste av dei med to representantar. Uansett kven som vinn valet, skal fleire av dei som var med i bussen styre det nye fylket. Nå har dei fått god kjennskap til Vest-Telemark og dei sakene som er viktige for oss, avsluttar Felland.