Fryktar løysinga av vinterproblema blir utsett

Noregs lastebileierforbund krev at bompengesøknaden må omfatte heile utbygginga av E134 frå Seljestad til Vågslid, og ikkje berre Seljestad til Røldal.

I eit brev til fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland og Telemark bed dei om det blir jobba mot Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet for at bompengesøknaden må omfatte heile prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Også denne vinteren har det vore krevjande forhold på Haukelifjell, med mykje stenging og kolonne. Me ser nå fram til ein raskast mogleg og samanhengande utbygging, og Stortinget har kome med tydlege signal om tidleg oppstart. Med nyleg framlagte reguleringsplan for E134 Seljestad–Vågslid har prosjektet passert ein viktig milepåle, skriv forbundet.

Prosjektet skal delvis finansierast av bompengar og Statens vegvesen har starta arbeidet med ein søknad. Noregs lastebileierforbund meiner avgrensinga til Seljestad–Røldal er i strid med NTP 2019–2029 og med Stortingets intensjon og at det vil utsetje løysinga på vinterproblema på fjellet i mange år.

– I reguleringsplanen peikar Statens vegvesen på effekten av å dele den lengste kolonnestrekninga i to gjennom å byggje Haukelisetertunnelen. Me er kjent med at denne kan byggast tidleg i prosjektperioden gjennom å finansierast fullt ut med bompengedelen for Røldal–Vågslid – 610 millionar kroner, skriv Noregs lastebileierforbund.