Bilete her er ein stadfesting kor viktig det er å samle på gamle bilete, dette er frå ei stemne som avhaldsfolket hadde på Bronlid i 1907, det er 110 år sidan
Er det nokon som har sett bilete før og kan kjenne att nokon? spør Ragnvald Christenson i Sullamrei historielag.
Bilete her er ein stadfesting kor viktig det er å samle på gamle bilete, dette er frå ei stemne som avhaldsfolket hadde på Bronlid i 1907, det er 110 år sidan Er det nokon som har sett bilete før og kan kjenne att nokon? spør Ragnvald Christenson i Sullamrei historielag.

Fryktar historiske skattar hamnar i konteinaren

Rangvald Christenson er bekymra for at gamle bilde hamnar i ein konteinar når folk døyr.

Christenson som er leiar i Sullamrei historielag blei gjort merksam på problemstillinga av Sigrid Torgrimsen.

– Når du er gamal og ikkje veit kor lenge du har att, så ser du for deg at når du er borte, så kjem det ein konteinar inn i tunet, for då skal det ryddast. Då tenker eg kor mykje av desse gamle bileta hamnar i denne konteineren. Eg har tatt mange bilete oppigjennom åra både av folk, men og av bygdene og gardane som visar utviklinga. Desse bilda er viktige for ettertida og det er for gale at dei blir kasta, kva skal me gjera, var spørsmålet eg fekk, seier Christenson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har tenkt mykje på dette i tida etter, og lufta det med leiaren i Vinje Historielag Olav Nordstoga som også såg dette problemet. Dei var båe klare over at noko må gjerast. No prøvar dei gjennom media å setje i gang ein «redningsaksjon».

– Rundt om i husa ligg det gamle bilete og album som må reddast. Det som og er viktig er å få mest mogeleg opplysningar om dei som er på bileta. Det som er viktig her er at historielaga får høve til å scanne desse gamle bileta, så tek me papirkopiar av dei og legge dei i ein perm, som då eigarane hjelper oss med å skrive inn namna på personane på bileta og andre opplysningar. I tillegg så legg me bileta inn på ein minnepinne slik at eigarane kan få høve til å sjå på bileta på sin dataskjerm, forklarar Christenson. 

– Me ser det som svært viktig å få redde mest mogeleg, desse bileta og ljosbileta er viktig lokalhistorie. Det er opp til kvar og ein å avgjera om dei vil gje frå seg bileta, og at me finn ein sikker stad for oppbevaring, eller at me berre får låne dei til me får scanne dei. skisserer han, og oppmodar folk til å ta kontakt med historielaga.