Regjeringa har lagt fram forslag om å oppheve konsesjonslova og reglar om buplikt i odelslova. Det vil få negative konsekvensar mellom anna for landbruket, meiner Vinje kommune. (Illustrasjonsfoto frå Møsstrond)
Regjeringa har lagt fram forslag om å oppheve konsesjonslova og reglar om buplikt i odelslova. Det vil få negative konsekvensar mellom anna for landbruket, meiner Vinje kommune. (Illustrasjonsfoto frå Møsstrond)

Fryktar for busetjinga og landbruket

Regjeringa foreslår å oppheve konsesjonslova og buplikta i odelslova. Vinje kommune seier nei. Hyttekommunen fryktar store negative konsekvensar for busetjinga og landbruket.

Blir forslaget frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) vedteke, vil det ikkje vera buplikt på landbrukseigedomar, og kommunane kan heller ikkje vedta at dei vil ha buplikt for vanlege bustadeigedomar. Vinje har i dag ei forskrift som seier at det er buplikt i alle bustadhus, så nær som dei som er arva av nær slekt.

Grunngjevinga til LMD for å oppheve reglane er eit ynske om å styrke den private eigedomsretten, og gjera det enklare å omsette fast eigedom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Redde for hytteprisar på bustader

Politikarane i plan- og miljøutvalet i Vinje gjekk onsdag samrøystes mot opphevinga LMD ynskjer.

– For ein attraktiv fjellkommune som Vinje med stor hyttebygging – som samstundes slit med å halde oppe folketalet – vil oppheving av reglar om buplikt vera uheldig. Truleg vil kombinasjonen av kommunalt subsidierte bustadtomter ikkje langt frå populære ski- og hytteområde med høge tomteprisar vera ei utfordring utan buplikt, skriv sakshandsamar Thor Christiansen.

På dette området er det berre konsesjonslova som har gode nok føresegner til å hindre at bustader blir fritidsbustader. Det same gjeld òg fast busetjing på landbrukseigedomar. Kommunen fryktar også at prisen på bustadtomter vil bli påverka av hyttetomtprisane.

Vil ikkje opne for aksjeselskap

Andre viktige argument mot oppheving er fylgjande for Vinje kommune sin del:

– I dag kan ein hindre at teigar og fjellområde som høyrer til landbrukseigedomar blir delt frå.

– Priskontrollen har vore aktuell for berre 5 prosent av omsette landbrukseigeomar i Vinje dei siste fire åra. Prisen på landbrukseigedomar har stige monaleg seinare år, men det har likevel ikkje vore avslag på konsesjonssøknad på grunn av pris. Kommunen kan difor vanskeleg sjå at priskontrollen har vore til hinder for at seljar kan få prisen som kan oppnåast i ein fri marknad, slik høyringsnotatet seier. Kommunen trur heller ikkje det blir enklare å kome inn i næringa ved fri prisfastsetjing, mellom anna fordi ein risikerer at det kostar så mykje å kjøpe eigedomen at ein ikkje har økonomi til investeringar og drift.

– Ein kan miste høvet til å unngå oppsamling av eigedomar for til dømes å hindre bygging på naboeigedomar.

– Aksjeselskap – norske og utanlandske – vil etter oppheving av lova kjøpe landbrukseigedomar fritt. Det kan føre til at attraktive eigedomar blir fritids- og jakteigedomar utan busetjing, medan innmarka blir leigd bort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høyringsfristen for regjeringas forslag er sett til 15. januar.

Oppheving av konsesjonslova og bupliktreglar i odelslova

Landbruksdepartementet foreslår å oppheve konsesjonslova og føresegner om buplikt i odelslova. Det vil føre til at ein ikkje treng løyve frå det offentlege for å kjøpe fast eigedom, og at vilkår om buplikt og priskontroll på landbrukseigedomar fell bort. Det same gjer lokale forskrifter om nedsett konsesjonsgrense. Konsesjonsgrense null, som mange kommunar i dag har innført, vil seie at kjøparen må sikre fast busetjing når han kjøper ein bustadeigedom, uansett storleik på eigedomen. Dette mellom anna for å hindre at bustader blir gjort om til fritidsbustader.