Frå galleriet i kyrkja kunne ein skode ut over blomehavet av avskilshelsingar.
Frå galleriet i kyrkja kunne ein skode ut over blomehavet av avskilshelsingar.

Ført til kvila på Raulandstrondi

Ein byggjar i bygda har reist. Tysdag blei Øystein Kostveit ført til siste kvilestaden ved Rauland kyrkje.

Krosskyrkja på Raulandstrondi blei for lita då familie, vener og kjende strøymde til for å ta eit siste farvel med Øystein Kostveit, som brått gjekk bort på den 93. åremålsdagen sin 14. september.

Høgtidskledde

Fyrst av alt: Det er på tide å tilbakevise påstanden som han sjølv og kona Åsta sette fram i boka om Rauland kyrkje som kom i 2002, om at skikken med å bruke bunad i gravferd døydde ut i 1970-åra, då med unntak av dei næraste. Inn kyrkjeporten denne milde haustdagen kom høgtidskledde på mange vis, og mange var dei – både karar og kvende – som hadde teke på seg bunaden for å syne den avlidne den siste ære.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein time før seremonien skulle ta til var kyrkja fullsett, og ein liten flokk måtte bli att utfor kyrkjedøra. Denne timen spela organist Britt Elin Myrene eit breitt repertoar av melodiar av nyare slag; frå Morning has broken, via Gabriellas song og I hildringstimen er det godt å seile, til Ein farfar i livet skull' alle ha.

Fykerud som preludium

Orgeltonane blir avløyst av kyrkjeklokka frå 1821, som kyrkjetenar Olav Jorde ringer med. Deretter er det klart for preludiet, som i dag er eit tonestykke på hardingfele. Oppe på galleriet står Stein Versto og spelar Fykeruds farvel til Amerika, før den forrettande presten Tor Eivind Erikstein tek ordet.

– Det er eit stort tap at Øystein Kostveit er borte, sjølv om han hadde eit langt liv. Fyrste salmen som blei sungen var Guds kjærleik er som stranda og som graset.

– Av Øystein Kostveit fekk me noko som utvidar horisonten vår, sa presten i kyrkja. Biletet er teke i juli i sommar.
– Av Øystein Kostveit fekk me noko som utvidar horisonten vår, sa presten i kyrkja. Biletet er teke i juli i sommar.
Nærare tre hundre personar fylgde kista til grava.
Nærare tre hundre personar fylgde kista til grava.
Dei næraste starta arbeidet med å kaste att grava.
Dei næraste starta arbeidet med å kaste att grava.
Gravferda er over og flagget er heisa frå halv til full stong på Nigard, der Øystein Kostveit var fødd.
Gravferda er over og flagget er heisa frå halv til full stong på Nigard, der Øystein Kostveit var fødd.
Slik sat ekteparet Øystein og Åsta Kostveit med kvar si Oslo-avis den laurdagsmorgonen i juli då bladfyken frå Vest-Telemark blad kom forbi.
Slik sat ekteparet Øystein og Åsta Kostveit med kvar si Oslo-avis den laurdagsmorgonen i juli då bladfyken frå Vest-Telemark blad kom forbi.

Minnetaler

Minnetala blei halden av etterkomarane til Øystein. Dei fortalde om faren sin oppvekst på Nigard, om skulegang både på Rjukan, i Oslo og på Elverum, om livet som lærar, føredragshaldar og formidlar, og kom i hug turar med bål, kaffi og sukkermul.

Tidlegare vinjeordførar Olav Nystog hadde hatt Øystein Kostveit som lærar og mintest han både for dette og som ven. Nystog omtala Kostveit som vital, livsglad, kunnskapsrik og med glimt i auga.

– Han var ein byggjar i bygda. Ein merkjestein er borte i fjellbygda når han har reist, sa Nystog, og drog fram to viktige institusjonar som Øystein Kostveit stod i brodden for å få skipa; Bygdekunstlaget og Akademiet. Akademiet utvikla seg seinare til å bli ei utdanning i folkekunst, som no ligg under Høgskulen i Søraust-Noreg.

Dei mange blomehelsingane blei lesne av presten. Både lag, organisasjonar, offentlege instansar og privatpersonar gav si avskilshelsing. Etterpå song Sondre Bratland Store, store Gud, som er skriven av emissæren Tor Ullsvik frå Mogane i Vinje. Siste salme før båra blei ført ut var Lei, milde ljos.

Takka livet

Gjennom livet har Øystein Kostveit gjeve ut mange bøker. No var han nettopp ferdig med sjølvbiografien «Attersyn». Etterordet i boka er Jag vil tacka livet av chilenske Violeta Parra. Og det var nettopp med denne songen, framført av Raulands eigen Marthe Rui til tonefylgje av organisten, at prosesjonen starta ferda ut frå kyrkjerommet og til den oppkasta grava.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heilt fram til 1940 var det vanleg at gravferdsfolket sjølve fylte att grava, skriv ekteparet Kostveit i boka som Rauland sokneråd gav ut om kyrkja si.

Delar av denne skikken hadde dei etterlatne teke i bruk. Seks spadar stod klare ved grava til bruk etter at presten hadde utført jordfestinga. Til ljoden av kyrkjeklokkene blei kista dekt av sand og jord, før det blei ein pause i attkastinga. For dei som er kjende med gravferdsskikken som lever på Møsstrond, var altså ritualet ikkje heilt tradisjonelt.

Klokka klemtar. Så er Øystein Kostveit gøymt mellom skyldfolk og vener.

Me tek med nokre strofer frå Raulandssongen om kyrkjegarden:

Her levde dei så sælt eit liv.

No søv dei i si grav.

Men minni om dei kring oss sviv

i arven som dei gav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me hev frå dei så mang ein slått

og mang ei vise god.

Dei bygdi gav av vondt og godt

slik som me eig ho no.

 

(Forfattaren er ukjend går det fram av boka Kyrkja på Raulandsstrondi)