Flest klager i Kviteseid

I årsmeldinga si skriv Pasient- og brukarombodet i Telemark om klagene dei fekk i løpet av fjoråret. I Vest-Telemark ligg Kviteseid på topp, medan det i Fyresdal ikkje kom éi einaste klage.

I Fyresdal gjekk det frå 4 klager i 2015 til 0 i 2016. I Kviteseid derimot steig det frå 0 i 2015 til 5 i fjor. I Nissedal gjekk det frå 0 til 2, i Seljord frå 8 til 4, i Tokke frå 5 til 2, og i Vinje heldt det seg stabilt på 3, same som i 2015.

«Opplevingar knytt til møtet med og behandling hos fastlegen er det området ombodet får flest klager innan kommunehelsetenesta. Ombodet merkar seg ein betydeleg nedgang i klager knytt til fastlegar frå 2014 til 2016, og håpar at dette er uttrykk for auka kvalitet i fastlegeordninga i Telemarkskommunane. Dei viktigaste grunnane til klager på fastlegar er knytt til diagnostisering, medisinering, behandlingstiltak og opplevinga av omsorgsfull hjelp. Oppførsel, informasjon og tilgjengelegheit er også vanlige grunnar», skriv Pasient- og brukarombodet i Telemark i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2016 registrerte dei 613 klager til saman i fylket. Ut av desse kom det 709 problemstillingar, då ei klage kan dreie seg om fleire ulike forhold. Dette er ein liten nedgang i talet på klager sidan året før.

«65 prosent av klagene til Pasient- og brukarombodet i Telemark handlar om kvalitet og forsvarleg behandling i helse- og omsorgstenesta. Ofte handlar det om at pasient eller pårørande meiner at det ikkje er gitt riktig, tilstrekkeleg eller god nok behandling eller teneste, at det har oppstått ein komplikasjon eller at pasienten er påført skade eller problem i samband med undersøkingar eller behandling. 17 prosent av klagene handlar om rettigheiter ein har som pasient, brukar eller pårørande. Resten, 18 prosent, går på system og saksbehandling i spesialisthelsetenesta eller den kommunale helse- og omsorgstenesta», held dei fram.