Heimeblanda krydder er på plass på fisken, som Ingebjørg og Jonny Aketun røyker. Dei trivst med verksemda si.

Fiskeverksemd har runda 20 år

Ingebjørg og Jonny Aketun i Aketun Fisk var fyrst ute med storruser i Fyresvatn. Det er lenge sidan sauefjøset i Fardal blei til fiskeslakteri og røykeri. Den sjølvbetente fiskebutikken i bygget fungerer som han skal.

I 1998 var fyresdølane Ingebjørg og Jonny Aketun på eit kurs i Geilo for å lære om forvalting av fiskevatn. Der kom gløden til å starte med næringsfiske. Aketun Fisk blei etablert av ekteparet, og Jonny var til Sverige for å vere med på å lage eiga storruse som skulle ut i Fyresvatn i 1999. Paret ynskte å gå litt på tvers av tradisjonar, og sjå på andre måtar Bygde-Noreg kan overleve på.

20 år seinare møter me paret på Fardal-garden som Ingebjørg arva etter far. Saman med Jonny flytta ho for 30 år sidan frå sentrale Oslo til vestkanten i Fyresdal. Ti år seinare fekk Ingebjørg ei travel tid aleine med fire barn og sauene på garden, medan Jonny sydde storruse i Sverige.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er nok litt rare

– Eg har aldri vore redd for å hoppe inn i nye ting. Me er nok litt rare – byrja på noko ikkje andre gjer. Det har alltid vore ein gründer i meg, seier Jonny.

Då paret hadde sauer, var tanken eigentleg å foredle slaktet sjølve, lage produkt som pinnekjøtt og fenalår for å selje dei.

– Men så blei det fisk i staden, seier Ingebjørg med eit smil.

– Me var dei fyrste i Noreg med så store ruser, me hadde fire på det meste. Når eg ser tilbake på dei 20 åra som Aketun Fisk har eksistert, ville eg ikkje ha vore den tida forutan, seier Jonny.

200 kilo fisk i rusa

Ein morgon i 1999 då VTB var med Jonny for å hente fangsten i ei 120 meter lang ruse, blei det heile 200 kilo med fisk.

– Eg har blitt hekta på rusefisket. Me har enorme ressursar i Fyresvatn som ikkje blir brukt. Fiske er ei gløymd næring, og det er tull å ikkje utnytte han, sa Fyresdals einaste næringsfiskar den gongen.

Jonny håpa då årleg å ta opp tre–fire tonn fisk, hovudsakleg sik, og på sikt minst ti tonn.

«Fiskefjøs»

På det meste hadde Ingebjørg og Jonny 140 vinterfôra sauer. I 2000 blei det slutt med dyrehaldet. Fjøset blei året etter i staden til eit fiskeutsal og anlegg for fiskeforedling, ein total ombyggingskostnad på 1,2 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil aldri bli kjemperike, men me skaper noko på eigedomen, sa paret den gongen.

I dag seier Ingebjørg dette om verksemda:

– Det er inga gullgruve, men det gjev oss ei tilleggsinntekt på garden.

På det meste har Aketun Fisk vore oppe i 3,5 årsverk. Paret fortel at barna på garden har hjelpt til mykje opp gjennom åra.

Kjøper fisken

– Då me starta opp Telemarkrøye AS var det mykje jobb, og eg fekk ikkje tid til å fiske for verksemda Aketun Fisk. Eg slutta med ruser i 2012, etter å ha fanga stamfisk for Telemarkrøye i to år. Eg blir jo pensjonist ein gong, så kanskje eg plutseleg byrjar med rusefiske att, seier Jonny med eit smil.

Både han og kona har fulltidsjobbar i Telemarkrøye, som har merdanlegg i Fyresvatn og produksjonslokale på industriområdet Molandsmoen.

Aketun Fisk kjøper røye av den lokale oppdrettsverksemda, nokon hundre kilo årleg. Vidare blir det handla regnbogeaure frå Vestlandet. Fiskeforedlinga i det som tidlegare var sauefjøs blir til produkt som fiskekaker, filetar, grava og røykt fisk. I byggenden ut mot gardsvegen er det ein sjølvbetent fiskebutikk, der kjøparane puttar pengar inn i eit røyr som går til ei kasse på andre sida av ei låst dør.

– Det funkar som bare det, me har ærlege folk innom, seier Jonny.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fiskebutikken er det også ei bokhylle, eit «Byttebibliotek». Der kan til dømes hyttefolk ta med ei bok, og kanskje sette att ei anna som dei har.

– Dette er eit tilbod til kundane og andre. Me fekk ideen av dottera vår då ho og kjærasten drog verda rundt og fann til og med ei norsk bok i ei bokhylle på andre sida av kloden.

Til røykinga av fisken blir det henta oreflis i Sverige, bilen til Aketun blir fylt opp med sekkar.

– Og så får me oss ein tur, seier Ingebjørg.

Ingen tankar om å slutte

– Det er perfekt å kunne sitte heime på garden og ha verksemda til Aketun Fisk her. Me har ingen tankar om å slutte med dette, fortset ho.

– Nei, men vil jo gjerne at verksemda skal halde fram, legg Jonny til.

– Me gjer dette fordi det er så gøy og for at folk skal kunne fortsette å få kjøpe fiskeprodukta, seier Ingebjørg.

Ekteparet har vore mykje rundt kvarandre, år etter år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk seier; at de gidd å jobbe saman i 24 timar heile tida, seier Jonny.

Ingebjørg kjem med desse orda:

– Det har me gjort sidan 1989, då me flytta hit. Men me har gjort ting kvar for oss på fritida, så me har ikkje sete og halde kvarandre i hendene heller.