Marte Bekk (t.v.) og Siri Haugan Vindal legg ned blomar ved minnesmerket.
Marte Bekk (t.v.) og Siri Haugan Vindal legg ned blomar ved minnesmerket.

Fire år sidan dei mista ein av sine

Det var i går fire år sidan terroråtaka i regjeringskvartalet og på Utøya. Utanfor Elvarheim på Dalen var ungdomsarbeidar Tor Øystein Gravdal tilgjengeleg for dei som trong det.

– Me har ikkje noko markering utover at eg er her med kaffi og brus. Det er viktig å vere tilgjengeleg for dei som treng det. Eg er her for både dei unge og andre som vil markere at det er fire år sidan me mista ein av ungdomane våre, seier Gravdal stille.

Minnesmerket over dei 77 som mista livet i åtaka 22. juli står utanfor ungdomshuset Elvarheim. Det har blitt lagt ned fleire blomar på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uverkeleg

Gravdal var på ferie i Italia då ugjerninga skjedde i 2011. Han synest det heile var uverkeleg og det tok tid før han skjøna omfanget.

– Me kom heim dagen etter, og dei neste dagane var eg på Elvarheim. Det var mange som hadde tankar dei ville dele. Og det som skjedde råka mange, meg sjølv inkludert, fortel han.

– Det er vanskeleg å skjøne omfanget den dag i dag, legg han til.

– Det som skjedde 22. juli 2011 blir aldri gløymt. Og det skal det ikkje heller, seier ungdomsarbeidar i Tokke, Tor Øystein Gravdal.
– Det som skjedde 22. juli 2011 blir aldri gløymt. Og det skal det ikkje heller, seier ungdomsarbeidar i Tokke, Tor Øystein Gravdal.

Livet må gå vidare

Han fortel at det fyrste året var det verste. Men han seier samstundes at for dei aller, aller fleste ungdomane går livet ganske normalt no.

– Heldigvis går livet vidare for dei. Det som skjedde med Eivind Hovden og dei andre blir aldri gløymt, og det skal det ikkje heller, men for dei som er att er det viktig å leve eigne liv også. Men det er sjølvsagt vanskeleg å akseptere det som skjedde, seier han.

Gravdal har sjølv vore til Utøya eit par gonger etter 2011.

Merkar forskjellar

Den populære og dyktige ungdomsarbeidaren er stolt over ungdomane i kommunen. Han seier dei viste styrke og samhald i tida etter 22. juli 2011. Men han merkar også at ting har forandra seg på fleire felt.

– Musikklivet på Dalen har endra seg. Eivind var ein dyktig og ivrig gitarist, og det blei på mange måtar eit tomrom etter han der også. Eit tomrom som har sett spor etter seg, forklarer Gravdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peikar også på at området utanfor Elvarheim har endra seg. Det vil seie ikkje sjølve området, men aktiviteten og haldningane til dei som nyttar det.

– Det har blitt mykje rolegare her. Respekt for minnesmerket og alt i samband med det har gjort det slik. Eg synest det er fint, seier han.

Markering i rolege former

Personalsjef i Tokke kommune, Erik Skimmeland, seier at han som nabo til Elvarheim også har lagt merke til det same. Han seier også at det er viktig å ha desse årlege minnemarkeringane. Og han set pris på arbeidet Gravdal har gjort med ungdomane.

– Det er viktig å markere dagen, og eg meiner det er flott å gjere det i rolege former som i dag. Ein kan heller tenkje større markeringar ved runde tal, meiner han.

Skimmeland seier at det som skjedde set ting i perspektiv. Og at terrorhendingar som skjer rundt i verda får fylgjer både her til lands og andre stader.

– Det fortel at det er vanskeleg å drive innanriksog utanrikspolitikk. Det som skjer ute får ofte konsekvensar her heime også, fortel han.

Gravdal har vore til stades på Elvarheim kvart år den 22. juli.

– Det er viktig for meg sjølv også, seier han.