Tov (21, t.v.), Mia (12), Anne, Olav og Jon (18) Espelid er alle veldig interesserte i musikk, og bustaden er ofte øvingslokale.
Tov (21, t.v.), Mia (12), Anne, Olav og Jon (18) Espelid er alle veldig interesserte i musikk, og bustaden er ofte øvingslokale.

Familiekulturhuset

Heile familien Espelid på fem i Treungen har stor interesse for musikk. Natt til joleftan var det igjen øving i eigen bustad. Mia (12), Jon (18) og Tov (21) ynskjer å kunne leve av musikken.

Anne og Olav Espelid har i ein del år budd i eige hus i eit byggjefelt i Treungen saman med tre barn. Alle fem har stor sans for musikk.

– Det er veldig gøy at alle har same interesse. Me er eigentleg kulturgalne, i alle fall musikkgalne, alle saman. Eg blir påverka av dei eg høyrer på, seier Anne om familiemedlemene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Huset vårt er eit kulturhus, seier Olav med eit smil, og tenkjer mellom anna på natt til joleftan nyleg. Då var det full guffe i huset med gitar, song, piano og trommer til klokka 01.30.

– Me er veldig takksame for at me har tolmodige naboar. Me har aldri fått nokon av dei på nakken, seier Olav.

– Barna får alltid lov å øve når dei vil. Det er koseleg med mykje liv i huset, seier Anne.

«Mamager»

Den einaste som ikkje driv med instrument i familien er Anne, men slik har det ikkje alltid vore. Ho spela trompet då ho gjekk på musikklinja på vidaregåande skule i Skien.

– Eg skjønte at dette ikkje var noko for meg, og at eg heller ville jobbe med kultur og utdanninga mi på dette området. Eg blei kjempeglad for å få jobb i Nissedal kommune, seier Anne.

I 2004 byrja ho som ungdoms- og kulturarbeidar i kommunen, blei konstituert leiar i eining for kultur i 2007 og året etterpå blei ho fast tilsett i jobben som utgjer ei 70 prosent stilling.

– Kultur, det å vere kreativ og skape ting på mange område, det likar eg. Kultur betyr kjempemykje for meg, seier Anne.

Ho har måtta jobbe mange kveldar i stillinga si, og er nok kjent for å jobbe meir enn stillingsprosenten, utan løn. Og så har det blitt ein del køyring til øvingar og anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kallar Anne for «mamager», ikkje «manager», fordi ho passar på oss, seier ektemannen.

Meir og meir hekta

Som seksåring byrja Olav i korps i Grenland, og påstår det skjedde etter å ha blitt truga med av mor si.

– Hadde det ikkje vore for ho, hadde eg ikkje sete her nå, for då hadde eg ikkje treft Anne, seier Olav.

Han spela i si tid trompet på musikklinje. Ein gong hadde han med trompeten på musikkleir på Kvitsund. Der var også Anne, og det enda i søt musikk og giftemål. Ikkje nok med det, paret fekk tre musikkglade barn.

Olav har alltid hatt interesse for musikk, og som 24-åring fekk han sin fyrste bassgitar.

– Då blei det å sitje heime og spele og kose seg. Me var ein gjeng som byrja å spele saman på eit svært lågt nivå … Så balla det på seg. Eg øvde meir og meir og blei meir og meir hekta, seier Olav.

Snart prøvespel

Tov, fyrste sonen til ekteparet, byrja som seksåring å spele gitar i kulturskulen. Gitar har vore hovudinteressa til han som nå er 21 år gamal, og i tillegg har han sunge litt saman med far sin i familiebandet The Espelids. Bandet hadde også med barna Jon (trommer) og Mia (song) under fyrste konsertframføringa i fleirbrukshuset i Treungen i 2009.

I 2015 søkte nærare 60 personar om å kome inn på den rytmiske gitarlinja på Musikkonservatoriet, universitetet i Kristiansand. Tov var éin av bare tre som lykkast. Før det hadde han tre år på musikklinje i Skien, og gjorde det så bra på prøvespel der at han blei tatt inn i eit talentutviklingsprogram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tov skal inn i sitt siste halvår på musikkutdanninga i Kristiansand, og har levert søknaden til ein master. Prøvespelet er i slutten av februar.

Utruleg moro

Broren Jon er inne i siste året på musikklinja der Tov var i Skien. I tillegg har han kome inn på Noregs musikkhøgskules talentutviklingsprogram som einaste trommis frå Austlandet. Det betyr tur til Oslo kvar tredje helg frå sist haust og fram til våren.

– Eg blei ganske sjokka då eg blei med i talentutviklingsprogrammet. Det er utruleg moro, seier Jon.

– Eg gjekk bananas på kontoret, seier Olav om reaksjonen då sonen ringte for å fortelje nyheita.

Både Tov og Jon har mål om å bli profesjonelle musikarar, og det same gjeld systra Mia.

– Jammen har ho også blitt biten av basillen, seier mora.

Mia var fem år då ho song for fyrste gong på ei scene, i fleirbrukshuset.

– Gøy og spennande, hugsar ho om den spesielle opplevinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fyrste klasse byrja Mia på piano.

– Det blir å øve kvar dag. Eg skal ta igjen brørne mine. Eg har lyst til å gå i same retning som dei og ta musikkutdanning, seier 12-åringen med eit smil.

Kanskje er det om nokon år tre profesjonelle musikarar i Espelid-familien.

– Det er ein tøff bransje, ein må ha litt flaks og øve mykje. Det gjeld å bli ein av dei aller beste om ein skal leve av musikken, seier pappaen.

Største opplevinga

Olav blir nok mest å sjå i heimbygda også framover, og har mange oppgåver i samband med arrangement i Treungen Music City, ein arena der talent skal få prøve seg. På eit utearrangement i Treungen sist juli møtte det 350 personar på den lokale musikkfesten.

– Heilt fantastisk, seier Olav om at så mange kom.

Og så blir nok familiebandet The Espelids å sjå på ungdomshusarrangemnet og anna framover også. Sist august var det tredje gongen bandet spela på Treungenfestivalen, og då klokka 24.00 laurdagsnatta på hovudscena.

– Det er den største opplevinga me har hatt, og me er veldig takknemlege for at Jørgen Solberg tilbyr ein slik arena, seier Jon, Tov og pappa Olav.