Med blomar og ei personleg helsing vart kommunalsjef Kari Gro Espeland takka av kommunestyret for mange arbeidsår i Seljord kommune.
Med blomar og ei personleg helsing vart kommunalsjef Kari Gro Espeland takka av kommunestyret for mange arbeidsår i Seljord kommune.

Espeland fekk takk for godt utført arbeid

Då kommunestyret i Seljord var samla torsdag førre veke, heldt kommunalsjef for helse og omsorg, Kari Gro Espeland, si siste orientering frå si eining.

Ordførar Halfdan Haugan (Ap) nytta også høve til å gje Espeland ein siste takk på vegne av seg sjølv og kommunestyret før Espeland startar i ny stilling som samhandlingskoordinator i Vest-Telemark neste veke. 

– Espeland har vore i kommunen i mange år, og ho har vore sentral. Kari Gro er veldig grundig, og me set utruleg pris på arbeidet du har gjort for kommunen vår, takka ordføraren. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne merksemda var veldig uventa, men tusen, tusen takk for godt og tillitsfullt samarbeid, helsa Espeland tilbake til alle representantane.

Espeland har vore tilsett i Seljord kommune sidan 1999 då ho starta i stillinga som pleie- og omsorgsleiar. I 2003 gjekk ho over til stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg, før ho også vart konstituert rådmann i kommunen i fleire år då rådmann Per Dehli hadde permisjon frå denne stillinga.

Fram til den nytilsette kommunalsjefen, Lillian Olsen Opedahl, er på plass i slutten av juli, vil Rolf Henning Jensen vere tilbake i kommunen som vikar for helsesjefoppgåvene.