Kari Bjåen hadde time her klokka 10.40. Ho kom inn med ein gong, og med drosjetransport til og frå gjekk det berre fire og ein halv time frå ho reiste om morgonen til ho var heime att.
Kari Bjåen hadde time her klokka 10.40. Ho kom inn med ein gong, og med drosjetransport til og frå gjekk det berre fire og ein halv time frå ho reiste om morgonen til ho var heime att.

Eit dagsjukehus

– Rjukan sjukehus er no eit dagsjukehus for øvre Telemark, det vil seie kommunane Tinn, Tokke og Vinje. Eit dagsjukehus tyder at det blir utført planlagt behandling, og ikkje øyeblikkeleg hjelp, forklarar klinikksjef Per Urdal.

– Etter at ei dialyseavdeling blei opna i Åmot i Vinje, der tre pasientar per no er til behandling, er det att sju pasientar ved dialyseavdeling på Rjukan, fortel han vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klinikksjefen opplyser at sjukehuset på Rjukan har tilbod innan indremedisin, det vil seie hjarte/lunge, nyre og mage. Vidare nemner han diabetes, ortopedi, øyre/nase/hals, høyrselstesting og røntgen. Det blir også gjort enkel kirurgi, urologi, og vurdering av brokk. Sjukehuset utfører også enkel sårbehandling. På sjukehuset finst også både augelege og psykologspesialist.

– Kva avgjer om pasientar frå Tokke og Vinje blir viste til Rjukan, eller til andre sjukehus?

– Det er fastlegen som avgjer dette ut frå kjennskapen vedkomande har til tilboda i Telemark, svarar Urdal, som seier at Sjukehuset Telemark har vore tydelege og fortalt kommunelegane om kva tilbod sjukehuset på Rjukan har.