Saman med Det Norske Kammerorkester sette Aasmund Nordstoga (t.v.) og Åsmund Reistad stemninga for kvelden.
Saman med Det Norske Kammerorkester sette Aasmund Nordstoga (t.v.) og Åsmund Reistad stemninga for kvelden.

Ein fest Vinje verdig

Gymsalen på Vinjehuset var ikkje til å kjenne att laurdag kveld, då festhelga for Aasmund Olavsson Vinje nådde klimakset. Dei staselege gjestene blei underhalde heile kvelden av musikarar, talarar og komikarar.

Les også om fredagens program på Vinjar: Journalisten Vinje

Som alle bursdagsbarn måtte også Aasmund Olavsson Vinje få eit skikkeleg bursdagsselskap. Det gjorde han så til dei grader laurdag kveld, då arrangørane av Vinjejubileet slo på stortromma med ein skikkeleg festkveld. Folk frå nær og fjern hadde tatt på seg kjole, dress eller bunad og sette seg langs dei dekorerte borda i gymsalen på Vinjehuset. Ikkje ein stol var ledig då festleiar Astrid Versto ønskte velkomen.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– I kveld feirar me Aasmund Olavsson Vinje. Mannen med så mange sider at me alle saman sikkert kan finne ei me kjenner oss att i, sa Versto, før ho introduserte to musikarar med veldig passlege namn for høvet: Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad.  

Saman med sjølvaste Det Norske Kammerorkester framførte dei på vakkert vis fleire av Vinjes verk, med innslag av diktlesing frå Erik Gjestvang mellom songane. Det heile blei ei stor kulturoppleving for dei frammøtte på Vinjehuset.  

Kjøtsuppe med brød blei servert etter ein minutt-lang applaus til musikarane, og snart var det tid for kveldens festtalar: Linda Eide. Journalisten som dagen før hadde blitt samanlikna med bursdagsbarnet.  

Linda Eide fekk lattertårene til å trille hjå dei frammøtte. Her spelar ho ein medley av Vinje-låtar og Beatles’ Help!.
Linda Eide fekk lattertårene til å trille hjå dei frammøtte. Her spelar ho ein medley av Vinje-låtar og Beatles’ Help!.

Prøv stigespelet, fritt etter Aasmund Olavsson Vinje sitt verk Storegut

Les også: Dei litterære spora etter Vinje

Likskapane mellom Vinje og Eide  

Festtalaren slo mildt sagt an. Ho har den sjeldne gåva at ho med sitt varme vesen og lynraske replikk kan gjera alt til komiske poeng. Latteren sat laust den halvtimen ho stod på scena.  

– Vinje som bar tankane så høgt at dei ikkje fall til jorda som ein stein, men som enno svevar blant oss to hundre år seinare. Nokre av tankane er såpass jordnære at me kan bruke dei beinveges, andre så svevande at dei enno ikkje heilt har landa, og nokre av tankane så «far out» og tilsynelatande LSD-påverka at ein skulle tru han var samtidig med Eric Clapton og John Lennon, og ikkje Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, sa Eide.  

Ho fortalde at ho i det siste har prøvd å bli betre kjent med Vinje, og at jo fleire sider ho har lest om og av han, jo meir forskrekka har ho blitt.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette har ikkje noko med det som skjedde i går å gjera, men eg ser nokre likskapar. Eg finn i livet hans noko som liknar mitt. For det fyrste er me begge forhistoriske. Det er totalt ukomplisert for han, sidan han er daud som ei sild, litt verre for meg sidan eg må innsjå kor gamal eg er.  

Så introduserte Eide gjestene for eit nytt omgrep: den «førbylinske» tid. Ei tid både Vinje og Eide fekk leva i. Heilt fram til slutten av åttitalet så var det vanleg at det ikkje stod kven som hadde skrive avisartiklar. No til dags står det øvst i artikkelen kva journalisten bak heiter, noko me kallar byline.  

– I den «førbylinske» tid, visste ein altså ikkje kven journalisten var. Dermed kunne ein jo nemne seg sjølv i artikkelen utan at det vekte særleg oppstuss. Vinje gjorde jo dette ofte i Drammens Tidende. Han rapporterte ein gong frå eit arrangement på Toten der han sjølv heldt tale: «Årets saksførar Vinje haldt ei tale som blei godt mottatt». Og det var ikkje berre den gongen. For eigen del så var det slik at medan eg gjekk på gymnaset på Voss så var eg ofte helgevakt i lokalavisa Horda Tidend. Og det betydde mellom anna at eg skreiv fotballreferat. Til dømes om korleis det hadde gått med Voss sit damelag. Men, eg skreiv ikkje berre om desse kampane, eg spelte også. Og som sentral midtbanespelar var eg anten den som scora eller den som la opp til målet. Med andre ord, det var ikkje få gonger at eg var banens beste spelar.  

– Dette var sjølvsagt noko eg kunne nemne i forbifarten i dei anonyme avisartiklane. Men midt i denne perioden, som sentral midtbanespelar, så begynte avisa med byline og eg kom i ei kolossal kattepine. Skulle eg berre forbigå meg sjølv i stille, når eg så utvilsamt var banens beste spelar? Ja, det skulle eg. Til og med sytten år gamle meg forstod at når det står svart på kvitt at det er Linda Eide som har skrive om fotballkampen, så kan det ikkje stå like svart på kvitt at Linda Eide var banens beste spelar. Det kunne faktisk ikkje stå eitt einaste ord om den kondisjonssterke finslepne teknikaren Linda Eide.  

– Men, når eg tenker meg om, så er eg ikkje heilt sikker på om Vinje hadde lete seg stoppe av byline.  

Det viser seg at Eide i likskap med Vinje var ein rimeleg stødig diktar alt i tidleg alder. Dette viser ho med å lese opp eit vårdikt ho skreiv som fjortenåring. Endå ein gong trillar tårene hjå gjestene. Ei tale full av høgdepunkt blir avslutta med endå eitt: ein medley av kjende vinjelåtar og Beatles’ Help! – spela på blokkfløyte – for å understreke poenget om at Beatles nok hadde blitt inspirerte av den nynorske songskatten. Den allsidige journalisten får dermed vist at ho også er ein habil blokkfløytespelar.  

Ahmoud Olavsson Vinje

Les også: I dag trur eg Vinje hadde vore bloggar

Av andre innslag var det helsingar frå fleire kulturpersonlegdomar i Noregs land, nokre til stades og nokre via video, akkompagnert av duoen Fivil, som består av Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Kirsti Bakken Kristiansen. Mellom kvar helsing song dei eigne tolkingar av Vinje-dikt til eit veldig fornøgd publikum. Til desserten gjekk NRKs eigen Yousef Hadaoui, kjend frå Svart humor på scena for å sørgje for å gje gjestene endå litt sårare magemusklar dagen derpå. Svart humor er eit humorprogram som tar for seg fordommar og forskjellar i Noreg, ved å intervjue nye nordmenn om typiske norske tema.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er faktisk barnebarnet til Ahmoud Olavsson Vinje, spøkte han.  

Hadaoui og resten av gjengen bak Svart humor hadde laga fleire spesialutgåver av den kjende humorserien for høvet.  

Det viser seg at ikkje så mange av dei spurde kjenner Aasmund Olavsson Vinje, og gjestene ler godt av dei som prøvar seg på å fortelje kven han var og gratulere han med dagen. Ein av dei intervjua får sjå eit bilde av Vinje, og er overtydd om at det er Abraham Lincoln. Ein annan ønskjer å gratulere Vinje så mykje med dagen, og ønskjer han lykke til vidare. Dette fall i smak hjå dei frammøtte, som gaplo og tørka tårer bak brillene.  

Etter at programmet var ferdig, tok Vinje-bandet Livhøgg til å spele på scena, og bursdagsselskapet heldt fram på dansegolvet.