Ein får god fart og høge hop ute på banen til Skafså motorsportklubb. Edvin Rykkelid tok leiinga og køyrde best laurdag med sin raude Polaris.
Ein får god fart og høge hop ute på banen til Skafså motorsportklubb. Edvin Rykkelid tok leiinga og køyrde best laurdag med sin raude Polaris.

Ein fartsglad crossførar frå Mo

Motorsportbanen i Skafså bar preg av skutereksos, motordur og konkurranseinstinkt då Sør-norsk snøskutercup blei arrangert laurdag. Fyrst over målstreken kom 16-åringen Edvin Rykkelid frå Mo. – Sporten er ein fin måte å halde på med skuter på lovleg vis, seier Rykkelid.

– Eg har vore litt sjuk i det siste, så eg har ikkje fått trena slik eg burde. Men det har gått bra likevel, smiler 16 år gamle Edvin Rykkelid då me møter han ved motorsportsbanen laurdag.

Trena tyder ikkje bare å sitje på skutersalen og køyre runde på runde i Skafså. Nei, her må det meir arbeid til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trenar styrke tre gonger i veka og kondisjon ein gong. Det er viktig å vere i god form for å køyre godt, halde seg på skuteren og unngå skadar, seier Rykkelid bevisst.

Han har alt gjort unna treningsrundar og køyrd fyrst over målstreken i fyrste løp. Pappa Tor Olav skruvar og justerar på skuterbeltet, medan dei diskuterar neste heat.

Rykkelid er den einaste lokale deltakaren i Sør-norsk snøskutercup denne sesongen, og ein stor fanskare samlar seg rundt skuteren hans.

– Er det lenge til du skal køyre att?

– Nei, eg trur eg skal utpå att nå, seier 16-åringen og gjer seg klar.

Rykkelid er åleine i klassa i dag, men får køyre saman med dei seks deltakarane i Semi-Pro-klassa. Deltakarane i denne klassa er like gamle som Rykkelid, men dei har konkurrert to sesongar. Rykkelid starta å konkurrere i motorsportsgreina i fjor vinter.

Nytt løp

Det er nytt løp, Rykkelid er raskt ute og tar leiinga. To snøskutarar rett bak han hektar i kvarandre. Det blir bom stopp, men like etter er dei begge med i løpet att.

Rykkelid er verkeleg i drivet i dag, han køyrer kontrollert og tar etter nokre rundar att deltakarane med ein runde. Siste runden hentar han krefter til tredje løpet og dagens finale, han står i ramma og køyrer stødig fyrst inn til mål. Ny siger er sikra, nye poeng sanka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Far hans er på plass under panseret på skuteren att, bed sonen finne verkty for nye justeringar.

– Det er greitt å ha ein pappa som skruvar?

– Ja, kjekt det, smiler Edvin medan han får seg ein matbit.

Me undrar på om pappa Tor Olav er like ivrig for køyringa som sonen?

– Edvin har lest skuterblad på senga så lenge han har kunna lese. Han er den ivrigaste, me er støttespelarar og sponsorar me, gliser Tor Olav og kona Hege Toril Rykkelid.

Lovleg hobby

Hege Toril fortel at ho gjerne er med og ser på når sonen køyrer, men innrømmer at det er nervar knytt til sporten han driv med.

– I fjor hadde dei eit skikkeleg stort hopp på banen her i Skafså som snøskuterane kom så høgt på, då var eg litt redd. Hoppet er ikkje så stort i år, det er eg glad for, seier ho.

Edvin er ueinig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hoppet var mykje betre i fjor, då fekk ein hoppe lengre …

– Kvifor held du på med skutercross?

– Det er ein fin måte å ha det moro med snøskuteren på lovleg vis, stadfestar Rykkelid og ser fram til dagens tredje heat.

– Eg kan ta det litt rolegare, men vil ikkje risikere noko. Eg må køyre det eg kan uansett, seier 16-åringen.

Nye fem minuttar med rusande skutarar på banen er over. Rykkelid er nok ein gong fyrst over målstreken.

Sveva fyrst

Men i finaleheatet blei det spennande. Rykkelid fylgde trenden frå dei tidlegare løpa og kom tidleg i leiing.

Om det var ein liten feil eller om kroppen blei sliten, er uvisst, men eit stykke ut i løpet fall han av skuteren og gjekk kast i kast bort etter sletta. Kroppen var like heil, og det kom bare ein liten bulk bak på skuteren.

Konkurranseinstinktet var på plass, og då ein av køyrarane frå Valdres passerte ungguten frå Mo, heiv han seg på og fekk starta opp skuteren att. Rett før mållina satsa han alt i eit hopp, og i det han sveva over mållina passerte han konkurrenten og kunne juble for siger, også i dette løpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blei avlyst

Sundag gjekk turen til Setesdal og Hylestad snøskuterklubb som skulle arrangere den tredje av i alt fire rundar i Sør-norsk snøskutercup i snowcross denne sesongen.

Rykkelid var klar for å køyre like godt som han gjorde på heimebane laurdag, men manglande helsepersonell stoppa løpet hos Setesdal luft- og motorsenter.

Arrangørklubben fekk ikkje ambulansen på plass til løpsstart, og cupen blei avlyst.

Rykkelid måtte nøye seg med nokre treningsrundar på banen, det gjekk hurtig, men gav ingen poeng å ta med heim att til Mo.

Fornøgde arrangørar

Arrangementet i Skafså er godt organisert, ein ser mest fleire vakter og gule vestar enn vanleg kledde i området. Tryggleiken kjem fyrst. Lege og ambulanse er på plass, i tilfelle eit uhell skulle skje. Det er høg fart og mange hestekrefter samla på banen.

– Det er det andre løpet me arrangerer, løpet i fjor blei ein suksess for klubben. Og folk er positive og stiller opp for å hjelpe også i dag, seier Grunde Seltveit frå Skafså motorsportsklubb.

Dagens juryformann, Svein Nilsen frå Kongsberg, gjev også arrangørane ros for eit godt arrangement.

For at klubben skal få halde løp har dei kursa 15 medlemmer i ulike roller.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Noregs motorsportsforbund krev at me har godkjente folk med på arrangementet. Nå har me mellom anna fått godkjent stemneleiar, teknisk leiar og aktivitetsleiarar og jurydommarar.

Seltveit er stolt av Edvin Rykkelids prestasjonar på banen, og set pris på at klubben har ein aktiv køyrar med på arrangementet.

– Om ungdom over 12 år er interesserte i å prøve skuter på banen har klubben ein for utlån som dei kan prøve med eingongslisens. Og på sommaren har me fast køyring for krossyklar på torsdagane, seier Seltveit og fortel at motorsportsklubben har om lag hundre medlemmer.