Lars Bjaadal (Sp), Henry Mæland (Sp) og dei andre politikarane i formannskapet i Seljord var samde om å utsetje saka om kvar ein ynskjer at kommunen skal bli del av eit framtidig Nav-kontor.
Lars Bjaadal (Sp), Henry Mæland (Sp) og dei andre politikarane i formannskapet i Seljord var samde om å utsetje saka om kvar ein ynskjer at kommunen skal bli del av eit framtidig Nav-kontor.

– Eg vil ikkje gje opp eit Nav-samarbeid i Vest-Telemark

Fleire av dei folkevalte i formannskapet i Seljord var positive til eit framtidig Nav-samarbeid med Midt-Telemark, men utsette saka for å sjå mot vest før den endelege avgjerda blir teken i februar.

Formannskapet i Seljord handsama torsdag saka der rådmann Finn-Arild Bystrøm rådde politikarane til å søkje om å bli med i etableringa av eit nytt myndig Nav-kontor i Midt-Telemark. Bystrøm meiner eit Nav-samarbeid med Midt-Telemark er eit betre alternativ enn å samle seg i Vest-Telemark.

– Dette er ikkje av dei enklaste sakene. Ho er utruleg viktig og me må gjere det som er mest rett for oss. Men kva gjer me, skal me gå for rådmannens tilråding eller skal me vente til Vest-Telemark-rådet har fatta eit vedtak 13. februar, spurde ordførar Halfdan Haugan (Ap) før eit lengre ordskifte tok til i formannskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Henry Mæland (Sp) som fyrst fremja tankar om at det ville vere rett at politikarane fekk avklart organisering av framtidige Nav-tenester innan samarbeidet med dei øvrige Vest-Telemark kommunane, før dei sjølv tek stilling til kva samarbeidsveg dei vil gå i Nav-saka.

– Eg vil ikkje gje opp eit Nav-samarbeid i Vest-Telemark, uttala Mæland.

Han signaliserte vidare at han såg det som mest rett å utsetje saka.

Etter eit gruppemøte hadde posisjonspolitikarane eit nytt framlegg som blei stilt opp mot rådmannens forslag.

Gunnar Eilefstjønn (H) presenterte framlegget som blei samrøystes vedteke.  

– Med bakgrunn i dei opplysningar som me nå er kjent med synest tidspunktet for å gjera eit vedtak i denne saka ikkje rett med bakgrunn i den prosessen som no er lagt for handsaming til Vest-Telemark-rådet, uttala Eilefstjønn og fremja også eit forslag om å utsetje saka til etter at rådet har kome med sine innspel til kommunane.

Det blei også poengtert at om ein skulle få gjennomført ei endeleg handsaming av saka innan rimeleg tid, ville det bli kalla inn til eit ekstraordinært kommunestyremøte.

Les meir om Nav-saka i papirutgåva til VTB på tysdag.