Arkitekt Erik Søndergaard (t.v.) orienterte sist torsdag Nissedal kommunestyre og tilhøyrarar om planane for fleirbrukshus inntil Tveit skule. Sjølv om millionane har rulla kraftig på seg kan storinvesteringa kome tidlegare enn politikarene vedtok for kort tid sidan.
Arkitekt Erik Søndergaard (t.v.) orienterte sist torsdag Nissedal kommunestyre og tilhøyrarar om planane for fleirbrukshus inntil Tveit skule. Sjølv om millionane har rulla kraftig på seg kan storinvesteringa kome tidlegare enn politikarene vedtok for kort tid sidan.

Dyrt fleirbrukshus kan bli framskunda

Med utgangspunkt i ein sum på sju millionar kroner for eit fleirbrukshus ved Tveit skule, sa Nissedal kommunestyre før jol ja til eit forprosjekt om saka. Ti månader seinare er kostnaden oppe i 25,5 millionar kroner for ei meir omfattande bygging enn tenkt i starten. Kommunestyret har sett nærare på skissene som kan gje ei historisk satsing på kulturen i kommunen. Nyleg er det oppdaga ei gledeleg utvikling i kommuneøkonomien. Nissedal-ordføraren har overfor politikarane lufta om ein skal framskunde prosjektet tenkt i 2007-09, og likevel ta den store investeringa neste år. Saka ligg no og mørnar fram til slaget for eller imot meir gjeld blir avgjort i november.

Sist torsdag var Eivind Skogheim frå Tveiten AS og Erik Søndergaard frå arkitektfirmaet Søndergaard Rickfelt AS på plass blant kommunestyrepolitikarane i Nissedal og tilhøyrarar for å orientere om skisse til fleirbrukshus inntil Tveit skule. Det var på slutten av fjoråret kommunestyret bad prosjekterings- og byggjenemnda sjå nærare på investering i eit fleirbrukshus lokalisert til skulen. På den tid verserte ein kostnad på sju millionar kroner for prosjektet.

No har kostnaden kome opp i 25,5 millionar kroner, men det må presiserast at dagens planar er meir omfattande enn utgangspunktet i fjor. Eit nytt bygg der det skal vere fleirbrukshall er kostnadsrekna til 19 millionar kroner. Vidare vil det koste 4,1 millionar å lage eit amfi i gamle gymsalen. Elles er det ført opp 2,3 millionar til arbeidsrom for lærarane og 100.000 kroner til trimrom, også desse lyfta skjer i eksisterande bygningsmasse. Nybygget og ombygginga er totalt rekna å gjelde 1.400 kvadratmeter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgare anbodssum?

Eivind Skogheim minna om at det som no låg føre bare er eit skisseprosjekt. Derfor er det mogleg å endre mange ting. Men aukar det totale arealet, aukar også prisen. Vidare påpeika han at totalprisen er kvalifisert gjetting, og at det vanlegvis er ein utryggleik på pluss/minus ti prosent i summen.

– Kalkyla er veldig realistisk, og eg er rimeleg trygg på at prosjektet går an å gjennomføre for summane som ligg føre, sa Skogheim.

Jan Torfinn Solberg (Ap) minna om at fleirbrukshuset ligg inne i handlingsplanen for 2007-09, og at det innan den tid kan vise seg at anbodssummen kjem opp i 30 millionar kroner. Nissedalordførar Øyvind Tveit (KrF) meinte det kunne slå begge vegar, slik at det også kunne bli eit rimelegare anbod når den tida kjem.

– Ja, men summen har aldri gått ned så lenge eg har levd, repliserte Solberg.

Kommunen får refundert momsen i prosjektet, og kan elles vente seg rundt fire millionar kroner i statleg tilskot. Dermed vil nettokostnaden for kommunen liggje på om lag 16 millionar kroner. Investeringa vil føre til 1,5 millionar kroner i ekstra driftsutgifter årleg.

Skogheim fekk spørsmål om kvifor fleirbrukshuset ikkje kunne leggjast på vestsida mellom skulen og riksvegen. Men der ligg det mykje skrapmasse, og derfor blei den tanken fort forlatt.

Bombe frå ordføraren

Astrid Eidem Nordal (KrF), leiar i prosjekterings- og byggjenemnda, fortalde at ein såg fort at ramma på sju millionar kroner kom til å bli sprengt.

– Me fekk ordre om å jobbe vidare for å fullføre forprosjektet. Det har blitt langt dyrare, men også eit mykje betre prosjekt. Det har vore moro å jobbe med dette så langt, og eg reknar med at det blir moro litt til, sa ho, og kunne etterpå registrere at ingen kritiserte nemnda for arbeidet som var gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss me hadde tru på fleirbrukshus i fjor, kan eg ikkje anna enn å ha tru på det no også. Sjølv om kalkylene er heva monaleg, sa Øyvind Tveit, før han fortsatte med det som kanskje var kveldens politiske bombe.

– Det er ein moglegheit å framskunde prosjektet slik at fleirbrukshuset kan leggjast inn i budsjettet for neste år, sa ordføraren, etter at kommuneøkonomien no ser langt betre ut enn for få veker sidan.

Uttala til ordføraren var som musikk i øyro på SV, partiet som ynskjer byggjestart i 2006.

– Klarer me å få inn prosjektet i 2006, trur eg me sparer pengar. Eg gler meg til vidare arbeid med denne saka, sa partiets Thor Oddvar Rekvik med eit smil.

– Utbygginga gjev inga estetisk nyting, og minner meg om ein brakkerigg på 70-talet. Og eg ser med skrekk på rekninga innbyggjarane vil få, sa Frank E. Lien (Frp), motstandar av prosjektet.

Men noko meir debatt om byggjeprosjektet blei det ikkje denne kvelden. Saka skal no liggje og mørne nokre veker, før det endelege slaget skjer i kommunestyremøtet i november.

Fleirbrukshuset

I totalarealet på 1.400 kvadratmeter for byggjeprosjektet til 25,5 millionar kroner er det like mykje nybygg som ombygging. Sjølve fleirbrukshallen er på 16 gonger 24 meter, og han er sju meter høg. Han kan utvidast mot nord etter behov. I eine enden er det planlagt eit uttrekkbart amfi, medan det i andre enden er tenkt ein hevescene. Hallen har plass til 400 personar, og vil liggje på same plan som inngangspartiet til symjehallen.

Planen vidare er å byggje om dagens teikne- og musikkrom til felles garderobar og dusjanlegg, noko som også vil ivareta funksjonshemma brukarar. Eksisterande gymsal kan bli amfi og småkinosal med plass til 60 personar. Mot sør kan ein ha øvingsrom for musikk og lagerfunksjonar. Over dette arealet kan ein innreie arbeidsrom for lærarane. Ein annan idè er å ha trimrom i eit av dagens lagerrom. Vestibylearealet har vaktrom der det også kan vere kiosk, i tillegg til toalett og kjøkken og lager for betjening av hallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framtidig utbygging og oppgradering av symjehallen er ivaretatt i planløysinga. Skulle det vere eit ynskje om det i framtida, kan det byggjast badstoger, dampbadstoge, boblebad og varmebasseng mot nord.