– Eg kan ikkje tru at eg har fått kulturstipendet, uttala ei takksam Silje Nilsen Østensen då ho blei utropa som stipendmottakar under 17. maifesten i Seljord onsdag.
– Eg kan ikkje tru at eg har fått kulturstipendet, uttala ei takksam Silje Nilsen Østensen då ho blei utropa som stipendmottakar under 17. maifesten i Seljord onsdag.

– Dette var veldig stort for meg

Silje Nilsen Østensen brenn for barne- og ungdomsarbeid i heimbygda. Ho blei overraska med kulturstipend på nasjonaldagen.

Årets mottakar av ungdommens kulturstipend i Seljord kommune er omtala som ein soleklar mottakar. Det er Hilde Hagen-Nielsen og Petter Jakobsen som har innstilt årets mottakar.

Bakgrunnen for omtala er Silje Nilsen Østensen sitt store engasjement i både folkemusikken og ungdomsarbeidet i bygda gjennom mange år, skriv dei båe i innstillinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blei overraska

Då seljordingane var samla til folkefest på Granvin kulturhus 17. mai visste hovudpersonen lite om kva som skulle skje. Ho stod på scena saman med dei andre medlemmene frå Tusseleiken.

Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan, tok ordet. Dei andre medlemmene i Tusseleiken forstod nok undervegs kva som skulle skje, men Østensen blei heilt lamslått då Haugan utropa ho som stipendvinnar.

– For dei som undrar, så hadde ikkje Silje aning om at ho skulle få prisen i dag. De såg kanskje at ho blei svært overraska, sa ordførar Haugan og smilte.

– Eg skjelv framleis. Eg kan ikkje tru at eg har fått kulturstipendet, uttala ei takksam Østensen.

– Eg fekk ein telefon på tysdag med spørsmål om Tusseleiken kunne vere på scenen då stipendet skulle bli delt ut, men eg tenkte då aldri tanken at det var fordi eg skulle få det. Eg tenkte bare at det var hyggeleg at me fekk vise oss fram, smilte ho.

– Dette er veldig stort for meg. Det kom så plutselig. Eg må nok la det synke inn, la stipendvinnaren til.

Folkedans

– Sidan Østensen var lita har ho vore aktiv deltakar innan folkemusikk og folkedans. I 2013 blei ho ansvarleg for dei yngste gruppene i Tusseleiken, og sytte mellom anna for at MiniTuss blei ein suksess, skrive Hagen-Nielsen.

Engasjementet for folkemusikk og folkedans er framleis sterkt. Kvar torsdag stiller Østensen som instruktør på folkedans for born frå Seljord og omegn. Ho stiller også alltid på kvar framsyning Tusseleiken har. I fjor vart ho også valt som styreleiar i Tusseleiken, i tillegg til at ho framleis er danselærar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomsarbeid

Ungdomsprest Petter Jakobsen er også svært imponert over arbeidet Østensen legg ned for ungdommane i bygda. Gjennom fleire år har ho vore aktiv og ein pådrivar i konfirmant- og ungdomsarbeidet i Seljord. Sidan ungdomsskulen og fram til fylte 18 år sat ho i styret i ungdomsklubben før ho gjekk over i ei løna ungdomsarbeidarstilling i kommunen.

Jakobsen skriv at Silje har bidrege sterkt som frivillig i konfirmantarbeidet i Seljord, og vore med som frivillig leiar i mellom anna kyrkja sitt trusopplæringsprogram som Tysdagsklubben, «Lys vaken» og «24Hours»-festival for 5.–7. klasse.

            – Silje er blid og positiv. Ho har mykje omsorg og har ei veldig god evne til å sjå og møte enkeltpersonar, skriv Jakobsen, og legg til at han glad og stolt over å få jobbe med Silje Nilsen Østensen.

Kulturstipendet er ein flott diplom og ein gåvesjekk på 20 000 kroner.