Signe Greivstad frå Fyresdal er snart ferdig med sin fyrste jobb som byggeleiar. Ein viktig del av jobben er å kontrollere og godkjenne plastringa av all steinen på Votna dam.
Signe Greivstad frå Fyresdal er snart ferdig med sin fyrste jobb som byggeleiar. Ein viktig del av jobben er å kontrollere og godkjenne plastringa av all steinen på Votna dam.

Det store plastringsarbeidet

Frå mai har det vore omfattande rehabilitering av Votna dam i Fyresdal. Prosjektet er kostnadsrekna til 24 millionar kroner utan moms, og har sytt for ein del lokale arbeidsplassar.

Arendals Vasdrags Brugseierforening (AVB) er konsesjonshavar og eigar av reguleringsanlegga i Finndølavassdraget i Fyresdal. For å tilfredsstille styresmaktenes krav til damtryggleik har AVB frå mai i år oppgradert Votna dam. Eksisterande fyllingsdam blir forsterka med støttefylling og skråningsvern på oppstrøms og nedstrøms side. Oppbygginga skjer frå fjellfundament og fast lagra masser. På toppen av dammen blir damkrona heva og forsterka. Flaumløpsterskel blir forsterka med oppstrøms påstøyp.

– Arbeidet blir gjort som ein fylgje av endringar i lovar og forskrifter. Før rehabiliteringa tilfredsstilte ikkje dammen krav frå styresmaktene om utforming av konstruksjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Orda kjem frå fyresdølen Signe Greivstad. Ho driv eige aksjeselskap og har kontor i næringshagen ved Fyresvatn. Ho tek på seg oppdrag innan helse, miljø og tryggleik, kvalitetssikring og prosjektleiing, og har 17 års arbeidserfaring på entreprenørsida. Mellom anna har Greivstad vore innom og jobba på tre ulike kraftverkprosjekt. Frå i vår blei ho leigd inn av kontraktshavar Agder Energi som byggeleiar på Votna-prosjektet.

Kjempemoro

– Dette er det fyrste prosjektet mitt som byggeleiar, og det er kjempemoro. Det er eit eller anna ved å vere på anlegg – det skjer noko, ein ser eit fysisk resultat, seier Greivstad.

Det er sørlandsfirmaet TT anlegg i Mandal som gjer entreprenørarbeidet i Votna-prosjektet.

– Som byggeleiar er det viktig å ha eit godt samarbeid og kommunikasjon med TT. Vidare kontrollerer og godkjenner eg plastringa av all steinen på dammen, betongarbeidet, passar på at byggherreforskrifta blir fylgd og eg fylgjer opp kontrakten på arbeidet, seier Greivstad.

I byggherreforskrifta er det sett krav til tryggleik, helse og arbeidsmiljø på bygge- og anleggsplassar. Byggherren skal sjå til at tryggleiken er tatt vare på.

– I det eksisterande steinbrotet blei det utført sprengingsarbeid på 90-talet, og med det fylgde ein fare for attståande sprengstoff. For å sjekke ut dette bestilte me ein hundeekvipasje frå Sverige som søkte i aktuelt område. Firmaet har spesiell kompetanse innan søk etter sprengstoff, seier Greivstad.

Komplisert puslespel

Til nå er prosjektet godt i rute. Om snøen ikkje kjem i oktober er målet å fullføre damarbeidet denne månaden. Etterpå er det arbeid med utjamning og arrondering av steinbrotet og opprydding før TT kan avslutte oppdraget

– Det er fascinerande å sjå korleis heile arbeidet flyt. Maskinførarane gjer sin del med ein stor porsjon yrkesstoltheit. Bergsprengaren borar og ladar slik at salva inneheld både plastringsstein og massar til støttefylling. Gravemaskinførarane i steinbrotet testar steinens kvalitet, sorterer steinen til ulike konstruksjonsdelar og lastar. Dumparsjåførane fraktar steinen til vist plass, og der tek andre gravemaskinførarar imot for å legge støttefylling og skråningsvern. Skråningsvernet blir plastra – det betyr at éin og éin stein blir lagt på plass og det blir til slutt ei flate med skråning og krumming. Eit komplisert puslespel, seier Greivstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Steinbrot blir dekt til

I eit eksisterande steinbrot like ved dammen er det sprengt ut 79 000 kubikkmeter fjell som blir bruka til forsterkinga.

– Steinbrotet skal jamnast ut og arronderast etterpå, så ein reiser frå det finare enn det var då me kom, seier Greivstad, om eit steinbrot som har lege ope i mange år.

Jon Thor Jonsson er ansvarleg for TT sitt arbeid på dammen. Han slår nøgd fast at det har vore eit veldig bra samarbeid både med Agder Energi og byggeleiar Signe Greivstad. Så legg Jonsson til:

– Og så er Fyresdal ein nydeleg plass. Det einaste som irriterer meg er fylkesvegen frå Tjønnefoss til Fyresdal sentrum.

Damprosjektet

TT anlegg har 12 menn i arbeid ved dam Votna. Det er leigd inn gravemaskin med sjåfør og ein dumparsjåfør frå fyresdalfirmaet Birger Krossli. Fyresdølen Kristin Libjå er leigd inn for oppmåling. Sambygding Jacob Aamlid, som har utført plastring i 40 år, var også med på Votna-arbeidet fram til starten av juli då han blei pensjonist.

– Aamlid var veldig flink – ein racer, seier Jon Thor Jonsson, ansvarleg for TT sitt arbeid på dammen.

Totalt i damområdet er det sju gravemaskiner frå 20- til 50-tonnar, fire dumparar, éin borerigg og éin vals.

Heile Votna dam er forsterka ved at ein har bygd på båe sider av den eksisterande dammen. På vassida av dammen var ein i vår heilt nede på fjellet før opparbeidinga starta. Når dammen er ferdig, er krona heva éin meter frå den førre. Breidda på toppen av dammen er 13 meter, og halvparten av desse skal utgjere køyrebane, mellom anna som tilkomst for grunneigarane som skal passere dammen, som er totalt 280 meter lang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kafé Teisner lagar middag til arbeidarane kvar dag og køyrer måltida opp til Votna.

I vekene overnattar anleggsfolket i brakkerigg ved flyplassen i Fyresdal.

Utnyttar vatnet fleire gonger

Øysævatn renn til Votna, og det gjer også dei tre vatna som ligg inntil kvarandre i Torsdalen. Desse tre vatna renn fyrst gjennom Haukrei kraftstasjon.

Frå Votna (dammen ferdig bygd i 1971) går vatnet i tunell over til Gausvatn, og derfrå i røyrsystem til kraftstasjonen på Finndøla på vestsida av Fyresvatn.