– Eg tenner seks ljos for å markere eit håp om betre samarbeid mellom dei seks kommunane i Vest-Telemark, seier prostidiakon Eilev Erikstein.
– Eg tenner seks ljos for å markere eit håp om betre samarbeid mellom dei seks kommunane i Vest-Telemark, seier prostidiakon Eilev Erikstein.

– Det handlar om å unne kvarandre

Orda kjem frå prostidiakon Eilev Erikstein, og han siktar til det traude samarbeidet mellom dei seks kommunane i Vest-Telemark.

– Til vanleg tenner me ljos for å minnast nokon, men i dag har eg lyst til å tenne seks ljos som skal markere håp – håp for dei seks kommunane i Vest-Telemark – håp om at dei kan unne kvarandre og sjå verdien av å vere éin region – håp om at dei ser verdien av samarbeid, smiler Erikstein og tenner seks ljos i Skafså kyrkje.

Varm visjon

I årsrapporten frå prostidiakonen i Vest-Telemark skriv han  at visjonen for diakonien i Vest-Telemark er å gjere Vest-Telemark til ein varmare stad å bu.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kyrkja i Vest-Telemark har lange tradisjonar for samarbeid. I 1985 gjekk Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid saman om landets fyrste prostidiakonstilling. Ei stilling som elles er kjend som Vest-Telemarkmodellen innan diakoni. Det viktigaste for å få dette til var solidaritet mellom alle delar av kyrkjelivet innan Den Norske Kyrkja i Vest-Telemark. Ein ville skape noko saman og vart rause med kvarandre. Denne tanken synest å mangle i mykje av det som skjer i Vest-Telemark for tida. Samarbeidet i Vest-Telemark står i stampe, seier han.

Tid for terapi?

I årsrapporten fremjar han eit nyttårsynske for Vest-Telemarkrådet, nemleg at samarbeidsklimaet betrar seg i 2018. Sett med faglege augo, er tida inne for familieterapi, spør han.

– Det er vel ikkje unaturleg at ordførarane og politikarane har angst for å miste noko i eigne kommunar. Eg trur likevel at det ein er redd for å miste kan bli borte likevel, og nettopp derfor vel eg å tru at ein kan snu på flisa og seie at ein kan berge arbeidsplassar ved å samarbeide. Det er ein styrke at Vest-Telemark er tydeleg definert som éin region, fortel Erikstein.

– Samarbeidet i Vest-Telemark står i stampe. Er tida inne for familieterapi, spør prostidiakon Eilev Erikstein.
– Samarbeidet i Vest-Telemark står i stampe. Er tida inne for familieterapi, spør prostidiakon Eilev Erikstein.

Relasjonar

Han peikar på at det er viktig å innsjå at ein ikkje kan fikse alt sjølv, men at ein ved å byggje relasjonar kan fikse det innanfor regionen.

– Det er utan tvil mange ressurspersonar i regionen vår, og eg tenkjer det i blant kan vere fornuftig å jobbe i ein annan kommune enn du bur i. Eg ser på det som ein styrke. For eigen del legg eg att mange tankar på vegen, og det kan vere slitsamt om du privat møter dei same personane du har hatt fortrulege samtaler med i jobbsamanheng, meiner han.

– Lokalisering har vore eit tema i mange debattar i Vest-Telemark. Kva tenkjer du om det?

– Argumenta for eit sterkare og breiare fagmiljø stør eg, men eg vil heller ha dette fagmiljøet i Vest-Telemark framfor i Skien eller på Notodden. Om ein verkeleg meiner og vil noko med samarbeid må me fordele oppgåvene. Viss ikkje blir me for små. Eg meiner nærleik er oppskrytt, og avstandar er ikkje lenger eit problem for dei aller fleste av oss, seier Erikstein.

Prostidiakonen meiner tida kan vere inne for å gje Vest-Telemarkrådet familieterapi. I overført tyding snakkar han om ein arena for å snakke saman i meir uformelle former.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det handlar om å lage eit system der alle må bidra til å auke verdien av eit samspel. Eg ynskjer at Vest-Telemarkrådet tek pause som arena, så kan alle kommunane bli gode vener. Kva med seks månadar utan lokaliseringsdebattar, spør han.

Kan finne att kjærleiken

Erikstein forklarer at dersom eit ekteskap er i ferd med å havarere og dei involverte går i familieterapi, så handlar slik terapi i stor grad om å finne nye måtar å snakke saman på, og å ta seg tid til å lytte og forstå.

– Var det eigentleg det du meinte? Så det var slik det var? Alt dette er viktige avklaringar og nye oppdagingar som kan gjere vegen vidare leveleg likevel. Ein oppdagar nye ting, og kanskje finn ein att kjærleiken som har blitt borte på vegen. Eg vil gjerne overføre denne tankegangen til kommunane, smiler prostidiakonen.

– Elles skjønar eg at ordførarane har eit mandat med tydelege føringar når dei møtest. Slik er systemet. Men eg trur ein solidaritet som har feste i grasrota kan gje betre utfall. Sjå på fotballprosjektet i Vest-Telemark, sjå på Vest-Telemark vidaregåande skule. Dette er to døme på kva som kan skape gode miljø, og som kan vere med på å få ungdomen tilbake. Du kan bu i Vinje og ha gode vener i Fyresdal, og dermed har du eit nettverk. Det er heller ikkje så stor avstand mellom kommunane no som det var før. Dette er noko eg gjerne vil at politikarane reflekterer på sitt nivå. Vis større endringsvilje, oppmodar han.

– Gle seg over kvarandre

Erikstein meiner også at det er viktig å stå saman og gle seg i fellesskap over det som går bra.

– Me kan gle oss over Dyrsku’n i Seljord, at Vinje får Vinjesenteret. Dette er ein styrke for Vest-Telemark som region, og me må i større grad gle oss over det andre har og får til. Me må vere meir rause. Det handlar om å unne kvarandre, seier han.

– Så du manar til fredssamtalar ein stad langt unna Vest-Telemark, slik det ofte er i storpolitikken?

– Kvifor ikkje? Dei bør setje seg ned med god mat og halde ein uformell tone. Elles bør dei roe seg på sosiale media. Mange innspel der kan føre til kjappe avgjerder som ikkje alltid er gjennomtenkte. Eg meiner 2018 bør vere eit år med færre likes, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ser også gjerne at politikarane kan vise at dei er sårbare og meir audmjuke. Dei er viktige førebilete og skal skape tillit. Gjer dei ikkje det er demokratiet ille ute. Kom ut av skyttargravene og møt kvarandre. Hugs at me alle har eit val. Men mest av alt: Me må unne kvarandre, avsluttar Eilev Erikstein.

– Press og stress kan ofte føre til at skylappane kjem på

Me tok prostidiakonen på alvor og kontakta familievernkontoret for Øvre Telemark.

– No er det sjølvsagt forskjell på par- og familieterapi i forhold til politikarar og administrasjonar. Dei me har i terapi har nære relasjonar og er avhengige av kvarandre, seier han.

– Ein kan vel seie at ordførarane også er avhengige av kvarandre?

– Ja, det kan ein sjølvsagt, og dei blir vel utsett for dei same mekanismane som andre. Dei er nok kontinuerleg utsett for press og stress utanfrå. Då treng dei å vite at dei andre er der for dei. I slike situasjonar erfarer me at skylappane ofte kjem på, og dei klarer ikkje å finne gode løysingar eller løysingar i det heile. Dei slit med å finne sanninga, svarar Ofte.

– Har du elles gode råd å gje?

– Dei kan sikkert med hell finne seg ein annan arena for å rø saman, og dei bør tenkje seg godt om før dei uttaler seg. Utover det vil eg ikkje seie noko. Og svara mine er i overført tyding, seier han.

– Men me kjem nok ikkje til å prioritere terapi for politikarar og administrasjon. Det blir framleis familiar og par som er vår fyrsteprioritet, ler Ofte.