Kvar fredag går Isabell Brekke Moore (bak til venstre), Andrea Lid, Margrethe Sigurdslid (framme til venstre) og Anna Sørensen på besøk til dagsenteret på Midtsundtoppen.
Kvar fredag går Isabell Brekke Moore (bak til venstre), Andrea Lid, Margrethe Sigurdslid (framme til venstre) og Anna Sørensen på besøk til dagsenteret på Midtsundtoppen.

– Det er koseleg å gjere ein innsats for andre

Ved Kviteseid skule er det høve til å ha eit valfag som heiter «Innsats for andre» – eit tilbod som mellom anna ungdommane Anna Sørensen, Andrea Lid, Margrethe Sigurdslid og Isabell Brekke Moore frå 8. klasse har valt denne hausten.

Eit par skuletimar kvar fredag reiser ungdommane på besøk til dei eldre på dagsenteret på Midtsundtoppen slik at dei kan gjere trivelege ting saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førre gong me var på besøk laga me dette diktet saman med dei eldre – kanskje de kan ha det på trykk i avisa, spør dei fire jentene som trivst svært godt med skulefaget.

 

Midtsundtoppen

Midtsundtoppen der er det godt å være.

For her er det så mange kjære.

Her er det så mange som passar på.

Og her er det masse kjærlighet å få.

På fredagar blir det reine topp, for då kjem ungdommen og kvikkar opp.

Dei hjelper både den eine og den andre, så her kan du trygt vandre.

Her er mange gode og snille, men også nokon ville.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle kosar seg og har det gøy, men av og til blir det ein del støy.

Her er alle gode venner, dei kvarandre kjenner.

Vil dei aleine være, kan dei på rommet sitt være.

Dersom dei vil ha det gaman, kan dei samlast i stoga saman.

Nå står jula snart for dør, og da ser vi at det snør.

Håpar me får ei jul som før.