Lensmennene i Nissedal og Vinje, Marie Kornmo Enger og Trond Neri Flothyl, framførte «På avstand» då politimeisteren informerte om hennar tilrådingar i nærpolitireforma i Vrådal førre månad. Nettopp avstand er eit sentralt tema i debatten.
Lensmennene i Nissedal og Vinje, Marie Kornmo Enger og Trond Neri Flothyl, framførte «På avstand» då politimeisteren informerte om hennar tilrådingar i nærpolitireforma i Vrådal førre månad. Nettopp avstand er eit sentralt tema i debatten.

Det blir oppretta politikontaktar i alle kommunar

Politimeister Christine Fossen opplyste i møtet i Vrådal førre månad at dei kommunane som ikkje får lensmannskontor skal ha ein politikontakt som skal vere tilgjengeleg for publikum.

– Me veit førebels ikkje i kva bygg slike politikontaktar blir plassert, men kanskje kan det vere plass i eit kommunehus eller liknande, sa Fossen.

Ho gav klart uttrykk for at ein politikontakt er noko som politidirektoratet ser på som svært viktig i reforma som no er ute på høyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

 – For det fyrste har politidirektoratet sagt det skal vere ein kontakt i alle kommunane våre. Ein slik person kan gjerne vere ein lensmann som har fullmakter og som kan sitje i kommunen ein eller fleire dagar i veka, og vere ute og drive førebyggjande arbeid, forklarte politimeisteren.

Press frå direktoratet

Ho sa også at politikontakten skal ha ansvaret for at patruljane er på plass i den aktuelle kommunen.

– Politikontakt er nytt og noko me blir pressa på av direktoratet, sa ho.

– Eg kan ikkje love at alt blir mykje betre med den nye reforma, sa politimeister Christine Fossen.
– Eg kan ikkje love at alt blir mykje betre med den nye reforma, sa politimeister Christine Fossen.

I reforma har politimeisteren føreslege å dele Telemark inn i øvre og nedre del. I den øvre delen, Midt-, Aust- og Vest-Telemark, er det føreslege fem lensmannskontor: Bø, Kviteseid, Notodden, Rjukan og Åmot.

Marie Kornmo Enger er lensmann i Nissedal. Ho ser seg sjølv som ein aktuell kandidat som politikontakt.

– Det luktar vel politikontakt av meg lang veg, sa ho på møtet i Vrådal.

Har lokale på hand

Med tanke på at Kviteseid er ein av to kommunar i Vest-Telemark som etter politimeisterens framlegg skal ha lensmannskontor, har det vore viktig for ordføraren i kommunen å passe på at dei har tilgjengeleg lokale når den tida kjem. Han gav også uttrykk for at han rekna med at det var politifaglege grunnar til lokaliseringa.

–Me har vore i kontakt med banken i Kviteseid med tanke på eit nytt kontor i Kviteseid. Dagens kontor vil nok ikkje halde mål, sa Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) i siste kommunetyremøte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forundra over plassering

Tidlegare har ordførarane i Seljord og Kviteseid sagt at dei vil stø kvarandre for å få lensmannskontor i ein av kommunane. Det var ikkje haldninga Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) gav uttrykk for då VTB spurde kva han tenkte om framlegget frå politimeisteren.

­– I og med at dei brukar E134 som eit viktig argument for å plassere eit lensmannskontor i Åmot, burde det gjelde for Seljord også. Eg forstår ikkje argumentet, sa Haugan til VTB.

Han fekk fylgje av politifyrstebetjent ved Seljord lensmannskontor Else Krogseth Eilefstjønn.

– Det er merkeleg å leggje lensmannskontoret til Kviteseid, sa ho.

Innhald viktigare enn lokalisering

For Nissedal-ordførar Halvor Homme (Ap) er ikkje lokaliseringa det viktigaste. Han er meir oppteken av innhaldet i reforma.

– Det er mykje positivt innhald i reforma. I tillegg til lokalisering seier reforma at det skal nyttast større ressursar til å førebyggje vald i nære relasjonar og overgrep mot born. For meg er slike tiltak mykje viktigare enn kvar lensmannskontora hamnar. Men skal eg likevel seie noko om lokalisering finn eg det litt snodig at Tokke ikkje får lensmannskontor. Sidan dei skal vere saman med Fyresdal burde det med tanke på avstandar vere aktuelt med Tokke. Elles er eg glad for at Kviteseid er føreslege – det blir rett i høve til Nissedal, sa Homme.

Politimeisteren vedgjekk at det at det er store utfordringar i høve til lokalisering og politidekning i øvre Telemark.

– Det er kjempekrevjande med tanke på avstandane i Telemark. Eg kan ikkje love at alt blir mykje betre med denne reforma, men eg håpar me blir litt betre i alle fall, avslutta Christine Fossen, politimeister i Sør-aust politidistrikt.