Kjetil Flatland (30) frå Seljord er klar for å stige ut av skuggen når han no slepper sine eigne tankar og refleksjonar på plata «Hyttetankar».
Kjetil Flatland (30) frå Seljord er klar for å stige ut av skuggen når han no slepper sine eigne tankar og refleksjonar på plata «Hyttetankar».

Deler sine eigne tankar og refleksjonar

Kjetil Flatland trivst når han er i nærleiken av den vesle lafta tømra på Mælefjell.

30-åringen frå Seljord stig ut av skuggen. Den allsidige musikaren er endeleg klar for å presentere eigenproduserte tekstar. Det er hans eigne ord, tankar og refleksjonar han no vil presentere for publikum.

– Det er ingen stad ein har betre tid til å tenke enn på hytta. For min del er hytta ei lafta tømre på Mælefjell. Den trivst eg i nærleiken av, seier Flatland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Albumet handlar ikkje om å sitje på hytta altså! Men om tankane ein får der. Refleksjonar ein tek med seg frå kvardagen, som kven eg som nordmann er som menneske i den store verda. Det er frå dei store linene til det nære som eg finn på hytta.

Han har reist rundt og sett mykje. Gjennom jobben som lærar på folkehøgskulen i Seljord er han kvart år til Nepal. Eitt år var skulen der då landet blei ramma av jordskjelv. Han har også vore i ein palestinsk flyktningleir i Libanon gjennom eit prosjekt i regi av musikkhøgskulen.

– Heilt uavhengig av politikk og religion, så tek ein inn over seg situasjonen når ein møter menneske som er fødde som tredje generasjon flyktning. Det gjer noko med synet på verda og eigen situasjon, seier Flatland.

Kjetil Flatland frå Seljord er plateaktuell med sitt fyrste eigenproduserte album. «Hyttetankar» trekkjer små og store verdsproblem heilt ned på bakken.
Kjetil Flatland frå Seljord er plateaktuell med sitt fyrste eigenproduserte album. «Hyttetankar» trekkjer små og store verdsproblem heilt ned på bakken.
Kunstnaren Ånond Versto har teikna coveret.
Kunstnaren Ånond Versto har teikna coveret.

Samarbeid med Buen

To år har gått sidan det kritikarroste debutalbumet «Ein song til deg» kom ut. Då «gøymde» Flatland seg bak tekstane til Knut Buen. Det kjentes trygt å formidle Buens ord og refleksjonar. Og responsen var god.

– Me trudde alle – både eg, Knut og selskapet – at dette var eit smalt prosjekt. Men eg er overvelda over mottakinga. Det blei mykje blest. Den plata har betydd mykje for meg, og har opna dørene i bransjen på ein heilt annan måte enn å vera ein saksofonist nokon ringer når dei har behov.

No står seljordingen heilt på eigne bein når han presenterer hyttetankane sine for alle. Flatland medgjev at det er spennande å skulle presentere sine eigne ord og tankar.

– Eg er bevisst på korleis eg ordlegg meg, men eg har gått gjennom materialet 1000 gonger. Dette står eg for, seier han.

Meir fres

Han har sete i si eiga boble og skrive. Neste fase har vore å kontrollere materialet mot vener og familie. Og ikkje minst samarbeid med musikarane. Eit samarbeid han ikkje kan kyte nok av. Med seg har han Helge Wahl Flatland (tangentar), Vegard Ringsby Hasselgård (gitar), Ellen Brekken (bass), Ivar Loe Bjørnstad (trommer) og Jonas Vemøy (kor). Leif Johansen har stilt med studio og har produsert albumet. «Hyttetankar» blir gjeve ut på musikkforlaget Grappa, der han har fått heilt frie tøyler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis vil du sjølv beskrive «Hyttetankar»?

– Der den førre hadde eit roleg uttrykk ein kunne drøyme seg bort i, er det litt meir fres i denne. Det er glad-musikk – visejazz med eit innslag av pop og ymse, seier han med eit smil.

Og sjølvsagt er han framleis saksofonist på plata.

– Jaja, saksofonen er min beste ven. Meir saksofon til folket – då hadde det blitt meir fred, gliser han.

Avgjerande med lokal støtte

Flatland medgjev at det kostar «vanvitig mykje pengar» å gje ut ei plata, og han er prisgitt eit positivt lokalt næringsliv som støttar prosjektet økonomisk.

– Det er heilt avgjerande for at eg kan halde på i dette omfanget.

Han har også fått hjelp av kameraten Ånond Versto – kunstnaren frå Vinje som bur i Flatdal – til å teikne coveret.

– Han veit kva eg pratar om, så eg sendte han alle tekstane. Coveret gjev plata ein ekstra dimensjon, meiner Flatland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lanseringa skjer – naturleg nok – på hytter. Den norske turistforeininga tente på ideen om konsertar på turisthyttene. Plata blir lansert 4. august. 7. august startar hytteturneen med konsert på Kalhovd. Dagen etter er han på Gaustatoppen, før Mogen og Haukeliseter står for tur høvesvis 9. og 10. august.

Flatland er glad for å vera i mål med plata, men legg til at det er no det han set mest pris på byrjar – møtet med publikum.

– Eg elskar konsertsettinga. Det er i møtet med folk eg trivst best, seier han.

– Eg har eit grunnleggande behov for å formidle og å gje noko til andre. Det har sete langt inn å stå på eigne bein. Det å profilere seg sjølv er ikkje noko mål, men det er ein konsekvens. Kan eg tilføre refleksjonar til dei som lyttar, er det årsaka til at eg held på.