Edvard Nesland, Fyresdal (t.v.), Ole Dalen, Vest-Telemarkrådet, Hildegunn Rønningen, Nissedal, Gunhild Austjord, Tokke, Asbjørn Storrusten, Seljord, Aud Irene Kittelsen, Vinje, Elisabeth Lid, Kviteseid og Thomas Berstad, Telemark næringshage.
Edvard Nesland, Fyresdal (t.v.), Ole Dalen, Vest-Telemarkrådet, Hildegunn Rønningen, Nissedal, Gunhild Austjord, Tokke, Asbjørn Storrusten, Seljord, Aud Irene Kittelsen, Vinje, Elisabeth Lid, Kviteseid og Thomas Berstad, Telemark næringshage.

Dei skal hjelpe vesttelar med å gjera idé til verksemd

Telemark næringshage og næringssjefane i Vest-Telemark-kommunane gler seg til å fornye etablerartenesta i regionen.

Frå og med i år tek Telemark næringshage i Kviteseid over etablerartenesta i Vest-Telemark. Saman med næringsansvarlege i dei seks kommunane i regionen skal dei gje råd og stø opp om folk som ønskjer å skape næringsverksemd i heimkommunen sin.

Det skal skje gjennom drop in-kontor i kvar kommune, der næringsrådgjevarar vil kunne hjelpe alle som tenker på å starte opp noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei oppussing av tenesta

Tidlegare har Vest-Telemark næringsutvikling vore ansvarlege for å levere etablerartenesta. Men så kom ideen om å skape noko større – saman med kommunane.

– Dei som eig tenestene er kommunane. Me har hatt denne tenesta i mange år, men no gjer me ei endring. Og den står kommunane bak, seier utviklingssjef i Vest-Telemarkrådet, Ole Dalen.

Tysdag førre veke var næringsansvarlege frå alle dei seks kommunane samla i Kviteseid, for å markere starten på samarbeidet. Der fekk alle aktørar høve til å kyte av kvarandre.

– Hadde det ikkje vore for Oles innsats hadde me ikkje hatt denne tenesta så god som no. Det er du for høfleg til å seie sjølv, så difor seier eg det, seier Edvard Nesland, næringssjef i Fyresdal kommune. 

Ei veldig lokal teneste

Mannen som skal stå i bresjen for samarbeidet er Thomas Berstad, bedriftsrådgjevar i Telemark næringshage.

– Det som er lagt til grunn for denne tenesta er at det skal vera tilgjengelege drop in-kontor i alle kommunesentra. Me skal vera veldig tilgjengelege, dette skal vera ei veldig lokal teneste. Kvar næringssjef og kvar kommune har eit godt eigarskap her, seier Berstad.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Så, kva kan nyetablerarar vente seg av hjelp?

– Me er spesialiserte i å kunne tilby etablerarrådgjeving og til å hjelpe til med å finne fram i Altinn- og skjemajungelen, i tillegg til budsjett, marknadsavklaring og forskjellige verktøy. Og så til å kjenne kvar kommune lokalt, og ha eit godt samarbeid med kvar næringssjef og i nokre tilfelle kvart lokale NAV-kontor. Drop in-kontora i kvar kommune vil vera opne annakvar veke. Då kan folk kome rasande inn dørene med dei spørsmåla dei måtte ha. Og så er me sjølvsagt tilgjengelege via telefon og e-post elles òg, forklarer Berstad.