Svanhild Amdal Telnes frå Seljord har skrive dikt sidan ho gjekk på ungdomsskulen. Nå har ho gjeve ut si fyrste diktsamling på Gyldendal.
Svanhild Amdal Telnes frå Seljord har skrive dikt sidan ho gjekk på ungdomsskulen. Nå har ho gjeve ut si fyrste diktsamling på Gyldendal.

Debuterer med diktsamling

Svanhild Amdal Telnes (23) frå Seljord gjev i desse dagar ut diktsamlinga «Om nettene brukar mor dråpeteljar». Å gje ut bok har ho hatt lyst til sidan ho gjekk på ungdomsskulen.

– Eg har vore innom bokhandlaren og sett boka i hylla. Det er litt vanskeleg å forstå det heilt, det er både rart og moro, og veldig fint. Nå kan den lesast av folk eg ikkje kjenner, og det er spennande, seier Telnes.

Pirke i følelsane

Artikkelen held fram under annonsen.

«Om nettene brukar mor dråpeteljar» handlar om Anna som har hatt ein svært dårleg oppvekst. Mor hennar var dominerande og valdeleg, og utsette faren for overgrep. Anna har også ein bror som gjer ting brør ikkje bør gjere. Nå er Anna vaksen, og kjærast med Jakob, men fortida sit framleis i henne, og i boka dukkar barndommen opp i form av dikt skildra som polaroidbilde.

– Anna må ta stilling til det som har hendt i barndommen, medvite eller ikkje har ho undertrykt det. At fleire dikt er laga som polaroidbilde er fordi ho prøvar å gjere minna handterbare, eit polaroidbilde held ein i handa, medan ein film er vanskelegare å styre.

At traume og familierelasjonar blei tema for debutboka, er ikkje tilfeldig. Telnes påpeiker at boka er fiksjon og heldigvis ikkje baserer seg på noko ho sjølv har opplevd, men ho er halvvegs i psykologistudiane ved NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet) i Trondheim, og er fagleg interessert i tematikken.

– I boka er det mora som er den aktive parten, og det er ikkje tilfeldig. Eg synest det er interessant når kvinna er den valdelege, fordi me trur at kvinner og særleg mødrer ikkje kan gjere slikt. Det bryt med idealet me har om kvinna og mødrer. Eg vil vekke noko med det eg skriv, pirke i kjenslene til folk, og dette er noko alle kan relatere seg til sjølv om ein ikkje har opplevd noko slik sjølv.

Jamt og trutt

Då ho gjekk på ungdomsskulen var skrivinga ein viktig del av kvardagen hennar, og ho var fast bestemt på å bli forfattar når ho blei stor, men skrivinga dabba veldig av då ho gjekk på vidaregåande.

– Eg veit ikkje heilt kva som skjedde, men eg blei så opptatt av korleis det eg skreiv skulle sjå ut, av forma, og så skjedde det så mykje andre ting også. Eg skreiv kanskje eit dikt her og der, men då eg gjekk tredje året på NTNU var eg på utveksling i Australia og då skjedde det noko ­– eg måtte skrive, og la det ut på ein nettstad som heiter Trafo der ein får tilbakemeldingar frå andre, og det gav meg eit nytt gir til å halde på.

Etterpå tok Telnes eitt år permisjon frå studiane i Trondheim for å gå på Skrivekunstakademiet i Bergen. Studentane ved akademiet gjev ut ei bok der alle bidrar med tekstar, og som blir sendt ut til forlag og ulike mediar. Gyldendal var eitt av forlaga som las boka, tok kontakt med Telnes, og nå er altså debutboka i ein bokhandel nær deg. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv les ho mykje norsk samtidslitteratur, og blir særleg inspirert av dikt, nå gler ho seg til neste gong ei bok pressar seg på.

–  Eg må skrive meir, men det er vanskeleg å vite kva slags tempo det skal skje i. Eg skal skrive jamt og trutt, seier debutanten.