Linda Gail Lewis trakterte tangentane med ekstrem dugleik, og gav publikum ei oppleving som kjem til å sitte lenge.
Linda Gail Lewis trakterte tangentane med ekstrem dugleik, og gav publikum ei oppleving som kjem til å sitte lenge.

Celebert besøk på Dalen

I helga kunne ein få med seg ein sjeldan musikalsk godbit. Veslesyster til Jerry Lee Lewis, Linda Gail Lewis leverte eit fyrverkeri av ein konsert to kveldar på rad på Dalen kro.

Linda Gail Lewis starta si musikalske karriere som ein del av Jerry Lee Lewis sitt band, men har sidan midten av åttiåra stått på eigne bein som soloartist.

Det har ho lukkast vel med, med duettplate med Van Morrison i 2000 som eit høgdepunkt. I Noreg har ho samarbeidd og hatt konsertar saman med Stephen Ackles.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noregsven

Linda Gail Lewis har turnert mykje i Europa, og har vore fleire gonger i Noreg. I sommar blir det to månadar på vegen for artisten, men då er det Europa som står for tur. I september kjem artisten tilbake til Noreg. Då er det Nord-Noreg som får besøk.

Den erfarne artisten har budd på Dalen hotell, og kan fortelja at ho har vore på Dalen ein gong før.

– Eg meiner eg var her for nokre år sidan. Me hadde ein konsert i Haukeligrend, og då køyrde me gjennom her. Då var eg til og med innom stavkyrkja i Eidsborg. Svært fascinerande med gamle bygningar, seier Linda Gail Lewis.

Starta i ung alder

Lewis-familien må vera ein svært musikalsk familie for to av Linda Gail Lewis sine døtre jobbar i musikkbransjen, i tillegg til bror Jerry Lee Lewis. Sjølv starta ho i bransjen som 14-åring og har vore i profesjonen til i dag.

Med seg til Dalen hadde ho eine dotter si, Annie Marie Lewis, som deltek på konsertane.

– Det er godt å kunne ha med seg familien på turne. Det gjer det mykje meir triveleg, seier verdsartisten.

Konsert med vanvittig driv

Med ein energi det står respekt av og med fingrar kjappare enn kolibrivenger, trollbatt Linda Gail Lewis og bandet hennar publikum frå fyrste stund. Med rock, riff og intensivt tempo var det umogeleg å ikkje trampe takten med heile kroppen.

Besøket til Dalen gav artisten sjansen til å helse på gamle kjende og om opphaldet har ho bare godord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk er svært vennlege her, og det har vore godt å få spela med gamle venner. Eg håpar eg kjem att ein gong, sa Linda Gail Lewis rett før ho skulle på scenen laurdag.