Bønder gjer seg klare til å køyre traktorkolonne i Skien sentrum, for å markere misnøye med tilbodet staten har kome med i jordbruksforhandlingane. (Privat foto)
Bønder gjer seg klare til å køyre traktorkolonne i Skien sentrum, for å markere misnøye med tilbodet staten har kome med i jordbruksforhandlingane. (Privat foto)

Bøndene i traktorkolonne

Bøndene i traktorkolonneI dag køyrde bønder traktorkolonne både i Skien sentrum og Bø, etter at det blei brot med staten i jordbruksforhandlingane.

– Me skal oppføre oss fint, men me skal synast og høyrast.

Orda kjem frå fyresdølen Aslak Snarteland, leiar i Telemark bondelag. Han var torsdag føremiddag på veg til Skien der det skulle vere traktorkolonne i sentrum, etter at det blei brot mellom bøndene og staten i jordbruksforhandlingane. Traktorturen enda opp ved fylkeshuset der fylkesordføraren tok imot eit opprop.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterpå var det Bø sin tur til å få traktorkolonne, og det skal vere eit opprop til ordføraren i kommunen.

I neste månad skal Stortinget avgjere kva bøndene skal få i oppgjeret.

– Det er eit ganske dramatisk utgangspunkt. Mange bønder vil få lågare inntekt om dagens tilbod blir ståande, seier Snarteland.

– Korleis trur du det vil gå når saka kjem til Stortinget?

– Det er vanskeleg å seie, saka må nok jobbast med politisk. For å sikre fleirtal i saka er støttepartia til regjeringa nøkkelen, svarar bondelagsleiaren.

Brot etter åtte dagar

Etter åtte dagar med forhandlingar måtte partane i jordbruksoppgjeret tysdag innsjå at det ikkje var mogleg å bli einige.

– Regjeringa viser ingen vilje til å satse på landbruket, og fylgjer ikkje opp Stortingets landbrukspolitikk. Me kan ikkje skrive under på ei jordbruksavtale som bidrar til å svekke norsk matproduksjon, kommenterte Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag, i ei pressemelding etter brotet.

No går tilbodet frå regjeringa på 410 millionar kroner vidare til Stortinget som skal vedta jordbruksoppgjeret for 2017.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg forventar at Stortinget nå grip moglegheita til å avklare kva veg landbruket skal ta inn i framtida og gjera dei endringane som er nødvendige for å få årets oppgjer i tråd med Stortingets vedtatte landbrukspolitikk, seier Bartnes.

Kravet frå bøndene var på 1450 millionar kroner. Det blei mellom anna argumentert med signala frå Stortinget med eit meir ambisiøst inntektsmål enn regjeringas forslag. For å kunne oppfylle inntektsmålet la jordbruket til grunn at avtala må innebere kostnadsdekning, kronemessig lik inntektsutvikling som andre grupper, og ein reduksjon i inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper, skriv Noregs Bonde- og småbrukarlag i ei pressemelding.

Gunnar Gundersen i Høgre meiner Staten har lagt «eit veldig godt tilbod på bordet og vist stor vilje til å strekkje seg i forhandlingane».

– Det er openbart andre grunnar som gjer at me nå har fått eit brot, kommenterer han.