Gunn Annie Hellestad fortel om forholda på den nye arbeidsplassen. Her er kommunestyret på synfaring i familierommet.
Gunn Annie Hellestad fortel om forholda på den nye arbeidsplassen. Her er kommunestyret på synfaring i familierommet.

Barnevernet i nytt lokale

– Her kan me vere sikre på at me har kontroll og at det er trygt for dei som kjem hit, seier barnevernsleiar Gunn Annie Hellestad.

Førre veke var kommunestyret i Kviteseid på synfaring hjå barnevernssamarbeidet i Vest-Telemark, som tidlegare heldt til i bankens lokale i Kviteseid sentrum. No har dei flytta inn i Veksthuset, der også legevakta, psykiatrien og helsestasjonen held til.

– Me hadde aldri fått eit slikt hensiktsmessig lokale ein annan stad. Det er ein effekt i seg sjølv å vere i same hus. At me er litt skjerma frå sentrum er også ein tryggleik, seier Hellestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var lenge spørsmål om barnevernstenesta skulle ha ein større del av bankens lokale, men slik blei det ikkje. No har dei heile tredje etasje i Veksthuset, samt delar av underetasjen. Med eit smil påpeikar Hellestad at det er bra ting ikkje alltid går som planlagt.

Betra sikkerheit

Ein fordel med bygget er rammene for tryggleiken. Under synfaringa fortel rådmann Øystein Tveit at éin ting har vore særleg viktig:

– For å koma inn må ein no gjennom ei sluse. Anten må ein ha invitasjon for å koma inn, eller så må ein låse seg inn. Det gir ei heilt anna form for tryggleik enn kva det har vore tidlegare.

Gunn Annie Hellestad i deira nye møterom. Her kan dei kople til fleire andre under videokonferansar. Det gjer at dei tilsette slepp å reise så mykje til og frå.
Gunn Annie Hellestad i deira nye møterom. Her kan dei kople til fleire andre under videokonferansar. Det gjer at dei tilsette slepp å reise så mykje til og frå.

Barnevernsleiar Hellestad meiner det var uhaldbare forhold på den gamle arbeidsplassen.

– Der var det ikkje mogleg å ha god oversikt. Det kunne koma uvedkommande inn utan at me hadde noko særleg kontroll. Me prøvde å sikre så godt me kunne, men det var ikkje alltid like enkelt.

Å vite at dei har kontroll er ikkje berre viktig, men også godt for arbeidsmiljøet, fortel Hellestad. No trivst dei endå meir på jobb.

– Folk synest også det er godt å koma hit. Det hadde me ikkje rekna med, seier Hellestad.

Rom til ulik bruk

Lokala i Veksthuset er store og ljose, har god plass og fleire rom til ulik bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No slepp me å låne rom og flytte rundt i spesielle situasjonar. Det er stabilt – og det er viktig for det me held på med, påpeikar Hellestad.

Mellom anna har barnevernstenesta eit eige familierom med sofaar og leiker. Rommet har duse fargar og skal verke trygt for dei som vil bruke det. Her skal foreldre og barn ha høve til å møtast og vera saman. Eit anna rom er tilrettelagt for avhøyr av ungar i samarbeid med politiet.

– Me har hatt kompetansen, men mangla utstyr og dei nødvendige romma for å gjere jobben vår skikkeleg. Det har me no.

            Det er også eit eige møterom for videokonferansar, der dei kan kople fleire møte opp mot kvarandre på same tid.

– Det er eit stort område me dekker. Å kunne ta mykje over video sparar oss for store belastningar med reising, seier Hellestad.

Interkommunalt samarbeid

Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) trekker også fram fordelane ved den nye lokaliseringa. Han er elles særs nøgd med barnevernet i Vest-Telemark:

– Dette interkommunale samarbeidet er eit av dei beste – også viss me ser lengre ut enn berre i Vest-Telemark.

Rådmann Øystein Tveit er einig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Barnevernstenesta her har arbeidstakarar frå alle kommunane, som då også har ein viss lokalkunnskap. Det er viktig og til stor hjelp, seier Tveit.

Hellestad påpeikar at det kjem godt med i møte med ulike utfordringar.

– Me samarbeider med seks veldig forskjellige kommunar, som alle har eigne strukturer og saker. Men det går, sidan me alle vil få det til. No er me i tillegg mykje betre rusta for å hanskast med ulike utfordringar, seier barnevernsleiaren.