Barna i Vest-Telemark er glade i å lese bøker.
Barna i Vest-Telemark er glade i å lese bøker.

Barn i Vest-Telemark er på lesetoppen

500 barn i Vest-Telemark har lese meir enn 5 000 bøker med til saman 642 000 sider i sommar.

Berre i Kviteseid har barna lese i snitt 1 650 sider kvar. Det gjev ein sjuande plass av 301 kommunar som er med på den nasjonale Sommarles-kampanjen for barn på barnetrinnet. Fyresdal kjem på tiandeplass i landet med 1 540 bøker.

Talet på kommunar som er med i Sommarles-kampanjen er seksdobla sidan 2015, og er no 301. Totalt er nesten 60 000 born med.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Tokke er 77 prosent av barna med. Det er femte best deltaking i landet.

– Sommerles skal vera gøy

– Målet vårt er å laga ein kampanje som kan stimulera til lesing i ferien, når ein lett vel andre aktivitetar. Undersøkingar viser at det å oppretthalda lesinga i sommarferien er uhyre viktig for særleg barneskuleelevar, der det er så lett å gløyma nye lesekunnskapar, seier Pernilla Slotte Hjermann ved Vestfoldbibliotekene.

Ho er prosjektleiar for Sommarles-kampanjen, som fylkesbiblioteka i Vestfold og Telemark har samarbeidd om å få til.

– Tilbakemeldingane frå barna er super – dette likar dei! Det er gøy å få premiar for å lesa, og dei digitale trofea fengjer nesten like mykje som det at dei kan henta fysiske premiar på biblioteket.

Anna og Amalie – to leseglade systre frå Kviteseid

Også på nynorsk og nordsamisk

I fjor kom Sommarles i ein nynorsk versjon, og i år er også sommarlesforteljinga til Mari Moen Holsve omsett til nynorsk av Asbjørn Rydland. Nytt av året er også ein nordsamisk versjon av kampanjen.

– Det er eit stort pluss for dei nordsamiske barna som nok kan sakna lesestimulering på eige morsmål, avsluttar prosjektleiar Pernilla Slotte Hjermann.

Sjølv om det er august, er det enno ikkje for seint å bli med. Sommarles blir avslutta 31. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommarles

Sommarles er ein felles lesekampanje for barn på barnetrinnet som varer frå 1. juni til 31. august.

Barna samlar poeng ved å løyse oppgåver, stikk innom lokale bibliotek for å hente kodeord, og framfor alt – les så mange bøker som ein berre orkar i løpet av sommarferien.

På Sommarles.no får barna tilgang til ei spesialskriven sommarlesforteljing av fantasyforfattaren Mari Moen Holsve.

Borna vinn digitale trofé i tillegg til små premiar som dei hentar på biblioteket sitt.

Så mange sider har borna lese i snitt:

Fyresdal folkebibliotek          1 540

Kviteseid folkebibliotek         1 650

Nissedal folkebibliotek          758

Seljord bibliotek         1 196

Artikkelen held fram under annonsen.

Tokke bibliotek          851

Vinje folkebibliotek    1 210