Varaordførar Jon Svartdal (H) og ordførar Halfdan Haugan (Ap).
Varaordførar Jon Svartdal (H) og ordførar Halfdan Haugan (Ap).

Avviste klage etter mat-anbod

Kommunestyret i Seljord har samrøystes avvist klaga frå Matvarehuset AS i samband med levering av mat til eldre i kommunen.

Matvarehuset AS i Bergen vann anbodskonkurransen om å levere mat til institusjonane i Seljord kommune. Men formannskapet avlyste i sist møte heile anbodskonkurransen for å drive matleveringa i eigen regi. I vedtaket heiter det også at avtala med Dyrsku'n om levering av mat blir forlenga «inntil eit opplegg for matproduksjon i eigen regi er vedteke og kan setjast i gang».

Det klaga Matvarehuset AS, via NHO-advokat Henrik Bjørge, på. I klaga kjem det fram at det er aktuelt å «se på tiltak for kompensasjon av kontraktens verdi dersom ikke kontrakten inngås». I brevet blir kommunen åtvara mot å inngå avtale med Dyrsku’n. Det har både Seljord-rådmannen og politikarar vore klare på at ikkje har skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmannen rådde politikarane til å ta klaga til fylgje, og at dette ikkje var i strid med intensjonen om på sikt å drive matleveringa til institusjonane i eigen regi.

Politikarane fylgde ikkje rådmannen. Dei avviste samrøystes klaga. Det blei i ordskiftet understreka at det ikkje er inngått noko avtale med Dyrsku’n, eller andre, om matlevering på bakgrunn av anbodskonkurransen. Men kommunen vil finne ei mellombels løysing som skal sikre eit godt mattilbod til dei eldre, inntil dei sjølve overtek i eigen regi.

– Om ein skal byggje ein garasje og hentar tilbod frå tre snikkarar er det ikkje slik at ein må velje den eine, om ein finn ut at ein kan gjera det sjølv, biletgjorde Beate Marie Dahl Eide (Sp).

Bakgrunn: Får matleveranse til dei eldre på det politiske bordet – igjen