Dagleg leiar Kjell Vøllestad i Indre Agder og Telemark avfallsselskap vedkjenner at biogassanlegget ikkje har vore suksess. Om ikkje anlegget hadde blitt stoppa, ville ein tapt 200.000 kroner i månaden.
Dagleg leiar Kjell Vøllestad i Indre Agder og Telemark avfallsselskap vedkjenner at biogassanlegget ikkje har vore suksess. Om ikkje anlegget hadde blitt stoppa, ville ein tapt 200.000 kroner i månaden.

Avfallsanlegg slit

Biogassanlegget til 25 millionar kroner ved Langmoen avfallsanlegg i Nissedal kommune er stengt. Vidare er det stopp i planen om å byggje pelletsfabrikk og forbrenningsanlegg på området.

Biotek AS, leverandør av biogassanlegg, Renovest og Iata (Indre Agder og Telemark avfallsselskap) etablerte hausten 2007 aksjeselskapet B2N. Selskapet skulle stå for drifta av det nyetablerte matavfallsanlegget med ein totalkostnad på 25 millionar kroner.

Biogassanlegget fekk store innkøyringsproblem.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Anlegget har aldri fungert som det skulle. Me har hatt ein del reklamasjonar, og det har vore ugreitt. Leverandørar har skulda på kvarandre, og me har hatt mykje krangel, seier Kjell Vøllestad, dagleg leiar i Iata.

Anlegget skapte luktproblem som breia seg sørover til Bjorevja nord i Åmli kommune. Det gav klager frå naboar som ikkje hadde hatt særleg problem med lukt tidlegare. Eigentleg skulle det ikkje ha kome vond lukt frå matavfallsanlegget.

Ingen suksess

Nyleg skreiv ÅmliAvisa at Iata hadde stengt biogassanlegget. Om ein ikkje hadde gått for denne løysinga, ville drivaren tapt 200.000 kroner månaden.

– Eg sa 200.000 kroner på styremøtet, så eg får stå inne for det, seier Vøllestad.

Iata står no som eineeigar av det som var B2N, men som er døypt om til Iata næring. Biogassanlegget kunne i teorien ta imot 10.000 tonn matavfall årleg, men har lege på bare 20 prosent av dette.

– Har det blitt eit fiaskoanlegg?

– Eg veit ikkje om eg vil kalle anlegget det, men eg må vedkjenne at det ikkje har vore ein suksess, svarar Vøllestad.

– Når ein ser på dagens situasjon skulle anlegget aldri ha vore bygd?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var vel for tidleg ute og fekk tak i ein teknologi som burde vore meir utprøvd. Dessutan har me hatt ei utfordring i å konkurrere med opne komposteringsanlegg, og det har gjeve lågare pris, svarar Vøllestad.

Biogassanlegget er stengt i alle fall ut dette året, og treng ein del utbetringar før det kan svive att.

– Me må hente ekspertise til å gå gjennom anlegget, og få fleire samarbeidspartnarar, slår Vøllestad fast.

Matavfallet blir no frakta til kompostering i Drammen. Deponiet på Langmoen er lagt ned, og i staden går restavfallet til Larvik. Hovudaktiviteten til Iata blir framleis å hente avfall frå 7.000 bustader og 4.000 hytter frå dei fire eigarkommunane av selskapet.

Sit på gjerdet

Det er ynskje om å bruke rundt 500 millionar kroner for å etablere forbrenningsanlegg, pelletsfabrikk og utvikle straum på Langmoen. Selskapet Langmoen energigjenvinning har jobba med saka, og har fått tilskot for å dra planane vidare. Men så skjedde noko uventa: Veolia, som er på franske hender, har intensjonsavtale om å levere avfall til forbrenningsanlegget på Langmoen. Så valde Veolia å selje den norske delen av storkonsernet sitt til svenske Astor.

– Me får avvente til hausten og sjå korleis den nye eigaren av norske Veolia stiller seg til intensjonsavtala. Me møter nokre kneikar og får ta pause og avvente utviklinga, seier Vøllestad.

– Er forbrenningsanlegget og pelletsfabrikken i det blå?

– Det er vel kanskje ikkje det beste uttrykket. Det er framleis ein del optimistar i Langmoen energigjenvinning, svarar Vøllestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Positivt for naboane

Ein annan optimisme han nemner er det positive med innføringa av grøne sertifikat. Nyordninga gjer at ein straumprodusent som det Iata kan bli, får større inntekter ved sal av produksjonen. Varmen frå forbrenningsanlegget skal til ein dampturbin som vil gje straum.

Langmoen avfallsanlegg har hatt tri luktkjelder; kloakkslam, biogassanlegget og deponiet. Vøllestad meiner luktsituasjonen har vore brukbar siste året.

– Sjølv om deponiet er lagt ned, er det framleis slik at me må passe på så det ikkje kjem lukt. Me tek ut gass frå deponiet og brenn han, fortel Vøllestad.

– Stenginga av biogassanlegget vil vere eit positivt bidrag for naboane i forhold til lukt, legg han til.

Eit synleg døme på det kan snart kome på plass hos ein huseigar på Bjorevja. Etter nedlegginga av biogassanlegget lurar han på å kaupe seg flaggstong