Årsmøte og temakveld i Kviteseid Turlag

Ved Kviteseid Turlags årsmøte nyleg, blei det lagt fram ei årsmelding og ein rekneskap som vitna om eit fyrste aktivt arbeidsår i 2013 for det nystarta laget og ein god økonomi.

I løpet av året har laget på det næraste sluttført eit pilotprosjekt for turstigar i Vrådal. Det såkalla «Veneli turområde» byd på fleire korte og lange turar forbi gamle støylar og gjennom trollsk naturskog, der stigane er merkte og skilta etter Innovativ fjellturisme og DNT sin merkestandard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av stigane fører til topps på Venelifjellet, Vrådals vidaste utsiktspunkt, der ein i finver kan sjå mellom anna deler av Hardangervidda, Gaustatoppen og Kragerøkysten. Denne turen vil bli profilert med eigen informasjonsfaldar som eit av turtilboda i Vandreregionen. Kviteseid kommunes sermerkte steinbidrag til jubileumsvarden på Gaustatoppen kjem frå Venelifjellet.

Handlingsplanen for 2014 er enda meir ambisiøs enn fjorårets. Ei rekke turar og andre aktivitetar er programfesta, der både turlaget og eit aktivt Barnas Turlag har sine flotte tilbod. I tillegg skal ein staseleg gapahuk på plass ved den vakre Venelitjørni rett under toppen på Venelifjellet. Vrådal Sportsfiskarlag har satt ut fisk i denne tjørni, der ein etter kvart kan prøve fiskelukka. Også nokre informasjonstavler lang turstigane skal på plass. Da er arbeidet med dette prosjektet sluttført i denne omgang, og det blir lagt opp til ei storstilt formell opning av dette turområdet og gapahuken laurdag 14. juni. Turlaget vil nytte høvet til å takke alle støttespelarane som har vore med på å få dette prosjektet fullført.

Vidare har laget sendt inn søknader på finansiering av fleire planlagte turstigar, til Brokefjellet, Roholtsfjellet, Næring og Åmås. Når tilsagnet om pengestøtte kjem, forhåpentlegvis i løpet av våren, blir arbeidet med turstigane iverksatt. Men det fyrste og viktigaste som må på plass er å få avtaler med dei aktuelle grunneigarane der stigane er planlagt, ei oppgåve som er nær foreståande.

I arbeidet med revisjonen av Handlingsplanen for idrett og friluftsliv i Kviteseid kommune er turlaget og dei andre friluftsorganisasjonane viktige medspelarar.

Jon Ingebretsen blei attvald som leiar i laget. Med seg i styret har han Roger Løfgren, Hege Ravdal, Baard Ek Brynilsen, Tove Faile og Tone M. Heggtveit, som Barnas Turlags representant. Barnas Turlag har i tillegg ei eiga gruppe, som er Laila Andreasen, Bente Ståland Åmot og Eva Brekka, med Anne Marte Midtbøen som vara. Vara til hovudstyret er Hilde Berntsen, Anette Ståland og Anne Karine Skipar. Ellinor Aschim er leiar i valnemnda, der ho har med seg Marianne Bakkan og Enok Tveit.

Etter årsmøtet baud Ragnar Haugstøl på eit fengslande program med ljosbildekåseri og visesong, knytt til skog- og fjellområda mellom Kviteseid og Seljord.

Tilslutt var det samling rundt bordet med god servering og litt idemyldring om framtidig satsing i turlaget, som arbeider for friluftslivets gode sak med trivsel, naturoppleving og folkehelse, og der visjonen er at Kviteseid skal bli ein pilotkommune på desse områda.

Ref.