Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Akutt sjukdom hos hundar

Torsdag vart det kjent at fleire hundar har blitt sjuke, og fleire er døde i løpet av dei siste dagane – kvifor er framleis ukjent.– Eg veit ikkje meir enn det som er skrive i media, me ventar på svar. Det er mange hundeeigarar som tar kontakt med oss, men me veit ikkje noko, seier veterinær Mimmi Hauglid ved Seljord veterinærkontor.

Veterinærinstituttet skriv på heimesida si torsdag føremiddag at fleire hundar har blitt sjuke med symptom som alvorleg diare og nedsett allmenntilstand. Fleire hundar er også døde i løpet av dei siste dagane på Austlandet, og det fyrste tilfellet vart rapportert inn i Oslo.

Veterinærinstituttet har fått inn tre hundar til obduksjon, og arbeider med å samle informasjon og skaffe laberatorieanalyser om sjukdommen for å sjå om det er fellestrekk mellom tilfella. Arbeidet blir gjort i samarbeid med Mattilsynet og NMBU Veterinærhøgskulen, som også er i kontakt med fagmiljø i andre land.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei skriv at det kjem inn meldingar om liknande tilfelle frå fleire stader i Noreg, men at det er uklart om det er ein samanheng.

Mattilsynet skriv på si nettside at dei oppmodar hundeeigarar til å avgrense nærkontakt mellom hundar, og halde eigne hundar i band slik at ein har kontroll på dei. 

Hundar som viser sjukdomsteikn bør ein ta med til veterinær eller dyreklinikk så raskt som råd. 

Mattilsynet anbefaler vidare at hundeeigarar bør gjere ei vurdering om dei skal delta på dressurkurs, utstillingar, jaktprøver og liknande.

Mattilsynet har ikkje fått melding om liknande symptom eller sjukdomstilfelle hos andre dyreartar, og det er så langt ingen indikasjon på at det kan smitte menneske.