Leiar i Rosa kompetanse, Jorid Bakken Steigum, sender i desse dagar brev til alle skulane i Vest-Telemark for å tilby lærarar og andre skuletilsette eit kurs i regi av Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.
Leiar i Rosa kompetanse, Jorid Bakken Steigum, sender i desse dagar brev til alle skulane i Vest-Telemark for å tilby lærarar og andre skuletilsette eit kurs i regi av Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

Å vera den trygge vaksne

«Rosa kompetanse» skal gje lærarar større fagleg tryggleik i undervisning om seksuell orientering og kjønnsidentitet. No får skulane i Vest-Telemark tilbod om kurset.

Lærarar er svært viktige vaksenpersonar i barn og unges liv. LLH, landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt), tilbyr no eit gratis kurs for lærarar i det dei kallar Rosa kompetanse, finansiert av Kunnskapsdepartementet. Kurset tek opp tema knytt til seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Bård Nylund, leiar i LLH, fortel at skulen er det viktigaste satsingsområdet deira, fordi skulen møter unge menneske i ein periode av livet der mange har spørsmål knytt til identiteten sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me veit at unge lhbt-personar er ekstra utsette for psykiske vanskar, rusmisbruk og vald. Dei som jobbar i skulen kan gjera ein positiv forskjell i unge menneskes liv, seier Nylund.

Å vera førebudd

Jorid Bakken Steigum er leiar i Rosa kompetanse. I desse dagar sender ho ut eit brev til skulane i Vest-Telemark med tilbod om å koma rundt med eit undervisningsopplegg for lærarane. Kurset skal gje lærarane inspirasjon og ulike verktøy i møte med elevane.

– Me er ikkje ute etter å fortelje nokon korleis dei skal gjera jobben sin – det veit dei aller best sjølve. Men me kan bidra med nokre perspektiv når det gjeld seksuell orientering og kjønnsidentitet, seier Steigum, som sjølv er lærarutdanna.

Kurset på halvannan time er knytt til læreplanmåla om lhbt og anti-mobbearbeid, og tek opp forsking på området. Mykje av kurset er case-basert.

– Det handlar om å vera førebudd på samtalene som kan koma. Kva gjer du viss ein elev kjem til deg og seier at han kanskje eigentleg er jente? Når ein har tenkt gjennom det på førehand og har eit ope sinn, blir det lettare å møte eleven, seier Steigum.

Snakk positivt

Rosa kompetanse har som ei hovudfanesak å bidra til positiv synleggjering. At å late som ingenting for å vise at noko ikkje er farleg, ikkje er den beste vegen å gå.

– Det kan bidra til usynleggjering. I staden anbefalar me å snakke positivt om temaet og la det vera ein naturleg del av kvardagen, seier Steigum.

Læreplanane i naturfag, samfunnsfag og RLE (religion, livssyn og etikk) har kunnskapsmål som handlar om ulike familieformer, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir forventa av lærarane at dei skal kunne undervise om dette, i tillegg til å handtere situasjonar som oppstår spontant i klasserommet og i friminutta. Dessverre melder mange lærarar at dei saknar fagleg opplæring i seksuell orientering og kjønnsidentitet, seier Steigum.

Trygge vaksne er viktig

For ei veke sidan fortalte homofile Thor Stian Eikland (22) frå Flatdal historia si i VTB. For han var det ein lang prosess å stå fram. Det gjekk to år frå han innrømte det for fyrste gong til svigerinna si etter at ho viste han at ho visste, til han fortalte det til dei siste. Heile den lange vegen har han hatt nære støttespelarar, og alle i krinsen hans – både familie og vener – har reagert positivt når han har fortalt det. No føler Thor Stian endeleg at han er seg sjølv.

– Thor Stians historie viser veldig klart kor viktig trygge vaksne er. For han blei svigerinna den vaksne som såg, og som torde å vise at ho hadde sett, seier Steigum.

Ofte er det tilsette i skulen som har moglegheit til å vera den nære – men likevel ikkje alt for nære – som kan sjå og som kan tore å leggje til rette for at det kan vera eit alternativ å lene seg på han eller ho.

– Me i Rosa kompetanse bidreg gjerne med rettleiing slik at ein kan bli ein slik trygg vaksen, seier Steigum.

Ei viktig historie

Ho meiner Thor Stians historie viser kor viktig identitet er for menneske.

– Me ser det igjen og igjen: Når ein undertrykkjer og skammar seg over den ein er, gjer det noko med livskvaliteten og den psykiske helsa. Det beste me kan gjera for barna våre er å gje dei rom for å vera seg sjølve, slik at dei kan leve gode liv, seier Steigum.

Ho meiner Thor Stian har gjort ein viktig jobb ved å fortelje historia si i lokalavisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er førebileta som flyttar fjell. Han ryddar veg og viser at ja – det gjekk bra då han stod fram for sine næraste. Unge skeive, og eldre skeive for den saks skuld, bekymrar seg ofte veldig for at dei som står ein nær vil reagere negativt, seier Steigum.

Kunnskap gjev tryggleik

Stadig fleire skular opnar dørene for Rosa kompetanse, og tiltaket får gode tilbakemeldingar. No ser Steigum fram til å høyre frå skulane i Vest-Telemark.

– Skulekvardagen er prega av at mange viktige tema skal få plass, så det kan vera ei utfordring for skular å finne tid til Rosa kompetanse. Men skulane me besøker svarar at det har vore rett og viktig å setje av tid til oss. Kunnskap gjev tryggleik, seier Steigum.

Rosa kompetanse

- Sidan 2011 har Rosa kompetanse tilbode norske lærarar skulering i tema relatert til seksuell orientering og kjønnsidentitet. Skuleringa skjer i regi av Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) og er finansiert av Kunnskapsdepartementet.

- Kurset er gratis og alt ein treng å gjere er å ta kontakt med Rosa kompetanse.

- Målet er å bidra til å auke kompetansen i skulen når det gjeld lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (lhbt).

- Rosa kompetanse har nyleg inngått samarbeid med både Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringen (FUG) og Elevorganisasjonen.

- I tillegg til prosjektet i skulen, har Rosa kompetanse også helse og justis som fagfelt dei arbeider med.