I Brunkeberg barnehage er det 12 familiar som har behov for at barnehagen opnar femten minutt tidlegare enn i dag. 																							      ARKIV
I Brunkeberg barnehage er det 12 familiar som har behov for at barnehagen opnar femten minutt tidlegare enn i dag. ARKIV

18 familiar har behov for å levere barna i barnehagen før 07.30

Om foreldra i Kviteseid og Brunkeberg får same tilbodet som på Straumsnes blir avgjort i budsjettforhandlingane.

I juni bestilte kommunestyret i Kviteseid ei spørjeundersøking for foreldra i barnehagane i Kviteseid og Brunkeberg for å kartlegge om det er behov for å opne barnehagen 07.15.

Bakgrunnen for undersøkinga var at barnehagen på Straumsnes hadde etter førespurnad frå eit foreldrepar halde ope 15 minutt før ordinær opningstid i eitt år. Om ordninga skulle halde fram var det trong for ein auke i bemanninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmannen ville avslutte ordninga, men eit samrøystes kommunestyre gjekk mot tilrådinga og valde å vidareføre ordninga. Samstundes bestilte dei ei spørjeundersøking for å finne ut om det var behov for den same utvidinga av opningstider i dei to andre barnehagane i kommunen.

– Kor mange må til?

Førre veke vart resultatet presentert for formannskapet. I Kviteseid barnehage svara 6 familiar at dei hadde behov for å levere før 07:30, medan 12 familiar har behov i Brunkeberg. Dei føresette fekk ikkje spørsmål om kor mange barn dei har, og heller ikkje om alderen på barnet/a.

I Kviteseid var det berre 54 prosent som svara, medan svarprosenten i Brunkeberg var 92.

Solveig Nekstad Grave (Ap).		                           ARKIV
Solveig Nekstad Grave (Ap). ARKIV

– Kvar familie fekk ei undersøking, men det var ikkje spørsmål om kor mange barn du har. Det har eg fått fleire reaksjonar på. I Kviteseid var det i alle fall nokon som har fleire barn, så då blir talet litt feil i forhold til kva som er behovet, meinte Solveig Nekstad Grave (Ap).

– Kva er det som er eit behov? Kor mange må til? Sjølv om det ikkje er mange er det eit behov, og det synest eg er viktig, sa Grave.

Ap-politikaren stilte også spørsmål ved ein del av argumentasjonen som er lagt fram i saka, og viste til utgreiinga der omgrepet barnets beste blir brukt.

– Er det ikkje til barnets beste å vere der eit kvarter før? Ikkje det at eg meiner at barna skal vere lenger i barnehagen, men ein morgon er ganske stressande. Om foreldra då har moglegheita til å vere der eit kvarter før, så trur eg den tida etter henting er mykje meir verdfull for både barn og vaksne. Om det hadde vore snakk om timar hadde eg skjønt det, sa Grave.

Barnets beste

I sakspapira står det mellom anna «forsking syner at små barn med lange dagar i barnehagen hadde høgare nivå at av stresshormon i barnehagen enn heime,» og «ein lengre barnehagedag er ikkje til barnets beste.» 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunalsjef for barnehage og skule, Ingunn Haugland, er sakshandsamar for både spørjeundersøkinga og for saka som var oppe i vår då politikarane vedtok å utvide opningstidene på Straumsnes på permanent basis. I vurderinga til saka om auka opningstider på Straumsnes står det mellom anna «i utgangspunktet treng ikkje lange dagar i barnehagen vere negativt for barna, men det stiller store krav til kvalitet, særleg med tanke på dei sårbare barna.»

– Kvifor er dei to vurderingane så ulike?

– Eg opplever dei ikkje som ulike. Det går på det same. I denne samanheng er barnets beste eit juridisk omgrep, og me er forplikta til å vurdere kva som er barnets beste i slike saker. Det er det som skal leggast størst vekt, svarar Haugland. 

I saka som var oppe i vår påpeikar sakshandsamar at i ein eventuell utgreiing av endra opningstider i barnehagane må ein også ta med kva som er til det beste for barna med tanke på lange dagar i barnehagen og vege dette opp mot kvalitet og bemanning. 

– Kvifor er då ikkje barnets beste tatt med i den fyrste vurderinga? 

– Det kunne me sikkert gjort. Utgangspunktet for dei to sakene er heilt ulik. På Straumsnes var det alt ei ordning, medan dette var ei bestilling frå kommunestyret der dei ønskte ei grundigare gjennomgang og ei spørjeundersøking.

– Det står også at med utvida opningstider vil barna få lengre barnehagedagar, og at dei som har behov for å levere tidleg ofte også har behov for å hente seint. Har de gjort undersøkingar på det?

– Ikkje anna enn dei tilbakemeldingane me har fått frå folk, og det me har høyrt. Derfor har me også skrive at det ikkje vil gjelde alle, men at det vil gjelde nokon. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Femten minutt; vil barna få så mykje lengre dagar av det?

– Det blir opp til ein sjølv å vurdere. Å vere i barnehagen er som å vere på jobben for barna. Om arbeidsdagen varer frå 07:15 til 16:30 har du ein lang arbeidsdag, men den er også lang om den varer frå 07:30 til 16:30. Det er eit politisk spørsmål kor grensa skal gå.

Formannskapet tok undersøkinga til vitande. Finansieringa av tiltaket blir handsama som ein del av budsjettprosessen.