Vinje IL kunne kassere inn nesten 50 000 kroner i 2016. Bildet viser friidrettsleiar i regi av idrettslaget.
Vinje IL kunne kassere inn nesten 50 000 kroner i 2016. Bildet viser friidrettsleiar i regi av idrettslaget.

1,2 grasrotmillionar til Vest-Telemark

Idrettslaga får mest gjennom grasrotdelen til Norsk Tipping.

Sidan 2009 har Norsk Tipping gjeve kundane høve til å velje eit lag eller ei foreining som skal motta fem prosent av beløpet ein spelar for. For dei registrerte laga og organisasjonane i Vest-Telemark utgjorde grasrotdelen nesten 1,2 millionar kroner i 2016.

På topp i Vest-Telemark er Treungen IL. Dei mottok totalt 72 464 kroner gjennom grasrotdelen. 57 spelarar har kryssa av for at idrettslaget skal få fem prosent av det som blir spela for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Grasrotordninga er ei fin ordning. Det har vore ei handfull «storspelarar» som har støtta oss opp gjennom åra. Eg håpar det går bra også for spelarane, smiler ein takksam idrettslagsleiar Helge Reinholt.

Breiddetilbodet er det viktigaste

Treungen IL arrangerer mellom anna kraftprøvene Skuggenatten Opp og Telemarks Tøffaste i løpet av året.

– Grasrotkronene utgjer om lag 10 prosent av inntektene i løpet av året, seier Reinholt, som fortel at overskotet i idrettslaget kjem medlemmene til gode.

Kviteseid hornmusikk fekk vel 25 tusen kroner i 2016 gjennom grasrotdelen til Norsk Tipping.
Kviteseid hornmusikk fekk vel 25 tusen kroner i 2016 gjennom grasrotdelen til Norsk Tipping.
Seljord Røde Kors mottok flest grasrotkroner i Seljord kommune. Bildet viser organisasjonens frivillige arbeid med flyktningar.
Seljord Røde Kors mottok flest grasrotkroner i Seljord kommune. Bildet viser organisasjonens frivillige arbeid med flyktningar.
53 personar har registrert Fyresdal skiskiyttarlag som grasrotmottakarar. Det gav vel 15 000 kroner i kassa i 2016.
53 personar har registrert Fyresdal skiskiyttarlag som grasrotmottakarar. Det gav vel 15 000 kroner i kassa i 2016.
Åmdal/Tokke fotballklubb, her representert med leiar Anette S. Småbrekke fekk nesten 70 000 kroner gjennom grasrotdelen i fjor.
Åmdal/Tokke fotballklubb, her representert med leiar Anette S. Småbrekke fekk nesten 70 000 kroner gjennom grasrotdelen i fjor.
Interessene for mellom anna fotball aukar i Treungen IL. Her frå då Odd-kaptein Steffen Hagen besøkte klubben representert ved Sondre N. Aarak (t.v.) og Mathias Haugsjå.
Interessene for mellom anna fotball aukar i Treungen IL. Her frå då Odd-kaptein Steffen Hagen besøkte klubben representert ved Sondre N. Aarak (t.v.) og Mathias Haugsjå.

Han fortel om eit aktivt lag som dei siste åra har investert mykje i anlegg og utstyr. Om lag halve bygda er med i idrettslaget (350 medlemmer), og Reinholt fortel om større aktivitet dei siste åra, spesielt innan dei store gruppene fotball og ski.

– Aldersbestemt idrett utan resultatfokus er det viktigaste, men me har også opna opp for å dele ut stipend til dei som verkeleg satsar. Sjølv om breiddetilbodet er det viktigaste, er det moro om ein kan få fram toppidrettsutøvarar som Jan Gunnar Solli, seier Reinholt.

Samarbeid

Fleire frå idrettslaget er også aktive i nabokommunen. Skiskyttarlaget i Fyresdal har treungar med på laget.

– Det er bra med samarbeid over kommunegrenser. Alle kan ikkje drive med det same, meiner Reinholt.

Han er stolt av dugnadsinnsatsen i Treungen idrettslag, men er klar over at ein er avhengig av å ikkje slite ut dugnadsgjengen. Derfor er dei forsiktige med å ta på seg nye arrangement. Han er elles glad for at anlegga deira også kjem ikkje-medlemmer til gode.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er berre moro å sjå stor aktivitet, seier han.

Vil ha med alle

Vrådal IL toppar kommunestatistikken i Kviteseid. Idrettslagsleiar Jan Rune Grave seier fotballskulen er den klart største inntektskjelda i laget.

– Det blir lagt ned ein fantastisk dugnadsinnsats i samband med fotballskulen. Saman med grasrotkronene gjev det oss ein fin pluss, og høve til å investere litt, seier leiaren for laget med om lag 220 medlemmer.

Vrådal IL tilbyr aktivitetar som ski, fotball, friluftsliv, friidrett og styrketrening. Det einaste Grave etterlyser er fleire ungar.

I Fyresdal IL utgjer grasrotmidlane skilnaden på å gå i null og gå i minus. Leiar Espen S. Valseth seier dei har få inntektsmoglegheiter i idrettslaget, utover grasrotdelen, kalendersal og kulturmidlar.

– Pengane deler me ut til undergruppene. Me har også eit relativt nytt klubbhus å drifte, seier Valseth.

Han understrekar at idrettslaget ikkje har noko ambisjon om å gå med overskot, og at dei har lagt medlemskontingenten på eit minimum (100 kroner) for å få med flest mogleg på aktivitetar.

– Eg må også få høve til å rose tippekommisjonæren som er flink til å spørje dei som tippar, og som ikkje har registrert seg i grasrotdelen, om dei ynskjer å støtte dei lokale laga og organisasjonane, seier Valseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flest støttar Vinje IL

174 personar har registrert Vinje IL som mottakar av grasrotdelen, og laget har dermed flest støttespelarar i Vest-Telemark. Enkelte lag har ikkje så mange støttespelarar, men får likevel gode pengar i kassa – som Seljord bridgeklubb. Dei mottok 41 477 kroner i 2016, sjølv om berre 17 personar har registert klubben som mottakar. Det betyr at kvar spelar har bidrege med i snitt 2440 kroner i 2016 til bridgeklubben.

 Her finn du laga og foreiningane som fekk mest i dei ulike kommunane

Grasrotdelen

– Lansert av Norsk Tipping i 2009. Kundane kan sjølve velje eit lag eller ei foreining som skal motta fem prosent av det dei spelar for. Dette går ikkje utover verken innsats eller premie.

– Meir enn 30 000 lag og foreiningar har registrert seg som grasrotmottakar i frivilligregisteret i Brønnøysund.

– I haust passerte talet på registrerte grasrotgjevarar ein million.

– Det er framleis ein million Norsk Tipping-kundar som ikkje har valt grasrotmottakar.

– Regjeringa har foreslått å auke grasrotdelen frå 5 til 7 prosent.

Kjelde: Norsk Tipping