Plasstillitsvald for dei tilsette ved avdeling for funksjonshemma i Vinje, Jorunn Aarhus, seier dei tilsette er sterkt imot ei samlokalisering av bustader på Fristadbygget.
Plasstillitsvald for dei tilsette ved avdeling for funksjonshemma i Vinje, Jorunn Aarhus, seier dei tilsette er sterkt imot ei samlokalisering av bustader på Fristadbygget.

– Ikkje eit godt alternativ for brukarane

Oppvekst- og velferdsutvalet (OVU) i Vinje har tidlegare avvist Fristadsenteret som lokalisering for nye bustader for psykisk utviklingshemma (PU). No er alternativet tilbake i planane.

PU-bustadene i Åmot ligg i dag svært spreidd. Framlegg til samlokalisering av avdeling for funksjonshemma ligg no i Oppvekst- og velferdsutvalet, der eit av framlegga frå administrasjonen gjeng på å kjøpe store areal på Fristadbygget for å bygge opptil 11 bustader der. Dei andre tre alternativa OVU og administrasjonen vil arbeide vidare med er utbygging/nybygging på Vinje dagsenter, Sandehuset og Kårsteintomta i sentrum.

På eit møte i OVU i juni i fjor blei Fristad avvist som alternativ lokalisering. Dei tilsette ved avdeling for funksjonshemma pusta då letta ut, for dei meiner Fristadbygget er dårleg eigna som bustad for psykisk utviklingshemma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor motvilje

– Me synest veldig lite om at dette no er inne att som forslag. Fristad er eit forretningsområde, det er trafikk på alle kantar og me fryktar det blir mykje støy. Dessutan ligg dei moglege bustadene i andre eller tredje høgda, og brukarane må dermed lære seg å bruke heis og rulletrapp. Mange av dei er eldre brukarar og me veit ikkje korleis dei kjem til å takle det. Me har òg mange rullestolbrukarar, så me tenkjer med gru på korleis me skulle fått ut alle om det til dømes skulle byrje å brenne, seier plasstillitsvald for PU, Jorunn Aarhus.

– Hadde me no budd i ein by, hadde eg skjønt litt meir av tankane til administrasjonen. Men me gjer ikkje det, me bur i Vinje. Og her er det vel nok av plass, seier ei frustrert Aarhus på vegne av dei tilsette.

Ho får støtte frå dei pårørande til brukarane.

– Det passar seg ikkje i det heile tatt. Dei får ikkje noko uteareal å kose seg på, og blir buande midt i eit forretningssentrum. Det er for gale at alt skal handle om pengar, seier pårørande Magnhild Hansen.

– Eg kjenner meg ikkje trygg på heistilhøva i tilfelle brann. Omgjevnadene blir ikkje dei same og kvaliteten blir dårlegare, meiner Jon Kostveit som òg er pårørande.

Det einaste reelle alternativet?

Heimetenestesjef Alv Dag Brandal lovar at dei tilsette og pårørande skal bli høyrd når framlegga no skal utgreiast og at dei skal ha representantar frå alle leirane i arbeidsgruppa.

– Det har vist seg å ikkje vere så lett å finne ei vanleg tomt med dei moglegheitene ein ynskte. Difor må me no finne eit best mogleg løysing innanfor dei rammene som finst. Rådmannen og eg blei einige om å lage ei oppsummering av alle alternativa, og OVU røysta for å greie ut fire av desse alternativa under møtet i førre veke, seier Brandal.

Baiba Sheine (SV) seier dei aksepterte å vurdere Fristad-alternativet endå ein gong sidan der ikkje finst nokon reint lovlege årsaker til å avvise det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg tvilar veldig sterkt på at det er det beste alternativet. Eg reagerte sterkt då eg høyrde at det var tilbake på planen, men eg forstår òg fortvilinga til administrasjonen. Dei framstilte eigentleg Fristad-alternativet som det einaste reelle alternativet, seier Sheine.

Ekspropriering uaktuelt

I saksutgreiinga til OVU-møtet karakteriserast dei tri andre alternativa som mindre gode og delvis uaktuelle. Tomta ved Vinje Dagsenter har vore vurdert i høve til plassering av psykiatribustader tidlegare. Den gong valde ein å sjå bort frå dette alternativet «grunna auka trafikk og reduksjon i grøntareal». I sakspapira står det at administrasjonen difor ikkje ser på området som aktuelt for plassering av PU-bustader heller.

Kårsteintomta blir også avvist, på grunn av at det er andre planar for tomta og at tomtearealet ikkje tilfredsstiller behovet. Om utbygging av Sandehus står det at eit slikt alternativ kan gje plass til fire brukarar i staden for tri slik det er i dag, men at ein ikkje vil løyse dei driftsmessige og faglege utfordringane med dette alternativet. Bygget er dessutan i dårleg teknisk stand. Saksutgreiinga seier ikkje noko om ei eventuell riving av Sandehus for å gje plass til eit nybygg.

Statkraft-tomta bak Forsvarsmuseet har vore eit alternativ mange har sett for seg som det beste for nybygging. Statkraft har sagt seg villig til å selje tomta, men ein har behov for endå meir areal i området og grunneigar vil ikkje selje. Ekspropriering er i fylgje heimetenestesjefen uaktuelt fordi ein då risikerer at saka må gjennom heile rettsapparatet før ein kan starte byggeprosessen, noko som ville vere ein stor forseinkingsfaktor og dermed suge meir pengar frå eit alt svært pressa budsjett.

Dermed står ein att med Fristadsenteret, som rådmannen ser på som det beste alternativet.

Ein vil spare mykje tid ved å velje dette alternativet, og dermed også pengar. Ei rask samlokalisering vil vere svært gunstig økonomisk for den pressa eininga. Det vil også vere positivt for utvikling av eit styrka fagmiljø.

– Me skjønar at einingsleiaren er pressa, men me håpar verkeleg at brukaranes beste kjem før rask økonomisk gevinst i denne saka. Me reknar med at politikarane vil gå imot Fristad-alternativet, og me er visse på at det må finst betre alternativ for ei samlokalisering. Det handlar trass alt om framtida til brukarane, seier Jorunn Aarhus.