Statsminister Erna Solberg åtvarar om at smitteverntiltaka i alle fall vil vare fram til påske. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Statsministeren varslar smitteverntiltak fram til påske

Statsminister Erna Solberg (H) åtvarar folk om at smitteverntiltaka vil vare til påske og seier at sommaren 2021 kanskje ikkje blir heilt som i 2019.

Under den oppsummerande pressekonferansen til statsministeren onsdag bad Erna Solberg folk om å vere førebudde på at smitteverntiltaka i Noreg vil vare fram til påske. At mange planlegg for ein tilnærma normal sommar som før koronapandemien, meiner ho er riktig, men åtvarar likevel mot overoptimisme.

– Eg synest det er fint at folk planlegg, men ein må vere førebudd på at sommaren 2021 ikkje blir heilt som sommaren 2019, seier Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho peikar mellom anna på at produksjonen av vaksinar ser ut til å bli litt forseinka i forhold til det ein først hadde planlagt for.

(©NPK)