Utvidar løyvet til bryggeriet – kan levere øl på døra

Kommunestyret i Vinje seier ja til at Vinje bryggeri kan starte opp med utkøyring av øl til privatadresser i kommunen.

Bryggeriet har søkt om utviding av salsløyvet, slik at dei kan starte med utkøyring av øl til private husstandar og fritidsbustader, då dette er noko bryggeriet har fått fleire førespurnader om.

Alkohollova opnar for dette, men stiller fleire krav til rutinar for kundeidentifikasjon og kontroll. Leveringa kan berre gå føre seg innafor dei spesifiserte tidsrammene for alkoholsal i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppvekst- og velferdsutvalet har eigentleg mynde til å fatte vedtak i saker som omfattar utviding av løyve, men då dette er den fyrste søknaden av sitt slag i Vinje, valde dei å sende den vidare til kommunestyret dagen etter for prinsipiell diskusjon, med positiv tilråding.

Og diskusjon blei det. Fleire representantar var i mot utvidinga.

– Eg synest det er rart staten har opna for dette. Som det står i saka, er det utfordrande med kontroll, og av den grunn kan eg ikkje støtte dette, sa Øystein Høgetveit (SV).

Hilda Vaa (Sp) og Bjørnar Christensen (KrF) sa seg samd med Høgetveit, før representantar av ei litt anna oppfatning tok ordet.

– Eg ser ikkje heilt problemet. Me kan bestille varer alkohol frå Vinmonopolet og få det levert på døra, så eg ser ikkje forskjellen, sa Liv Sigrun Nykos Midtun (Sp).

Høgetveit og Christensen meinte begge at forskjellen låg i at det er Posten som står for leveringa av polvarene, medan det vil vera lokal distribusjon frå bryggeriet.

– Kommunen er ikkje pliktig til å ha kontroll av Posten sine leveransar, men det vil me ha for desse, argumenterte Christensen, som meinte dette ville vera vanskeleg å gjennomføre.

– Utfordringane med kontroll er til stades ved både utkøyring og utsal. Dersom dei får løyve vil det vera vilkår om at bryggeriet lagar ein intern protokoll for kontroll. Den skulle helst vore lagt ved søknaden, men den vil koma. Då ser ikkje eg heller heilt forskjellen på levering frå Vinmonopolet og frå bryggeriet, sa Kari Omdal Tveito (SV).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når det kjem til Vinje bryggeri har eg stor tru på at dei vil løyse det på ein god måte, la ho til.

Arne Skogheim (H) såg heller ikkje forskjell på kontrollen ved utkøyring og anna alkoholsal.

– Nå får eg diverre kjøpe øl utan å bli spurd om legitimasjon, men dette er det kontrollverktøyet som blir bruka ved alle utsal. Det vil vera dei same krava om å gjennomføre kontroll for dei som leverer øl på døra som det er for dei som sel den over disk i butikk eller i ein pub.

Ved votering vart tilrådinga frå OVU, om å imøtekome søknaden, vedteke med 13 mot 8 røyster. Eit endringsframlegg frå Hilda Vaa om å erstatte ordet utkøyring med utlevering fall med 6 mot 15 røyster då det var sett opp mot tilrådinga.