Straumpakken til regjeringa: Staten garanterer for 90 prosent av straumlån til bedrifter

Straumpakken til næringslivet inneheld ei lånegarantiordning for å sikre likviditeten til bedriftene. Staten garanterer for 90 prosent av straumlån.

Ordninga skal hjelpe bedriftene med å handtere dei store straumrekningane til dei kan nytte det nye fastprisregimet som regjeringa har lagt opp til gjennom skatteendringar.

Dette inneber at staten garanterer for 90 prosent av beløpet i nye banklån til bedrifter som står overfor ein akutt likviditetsmangel som følgje av høge straumutgifter.

Lånegarantiordninga vil opne i november og vare til utpå våren 2023, føresett godkjenning frå Eftas overvakingsorgan Esa.

Låneordninga inngår som eitt av fleire tiltak i straumpakken frå regjeringa til næringslivet, som vart lagt fram fredag.