Illustrasjonsfoto.

Skiløypene blir nesten dobbelt så dyre

Den økonomiske kvardagen har no råka denne aktiviteten med fullt mon, skriv Vinje-rådmann Jan Myrekrok, når han opplyser om at drifta av løypenettet på Rauland har blitt nesten dobbelt så dyrt.

Rauland Turist AS driftar løypenettet i bygda på vegner av IL Dyre Vaa, næringslivet og andre interessentar i området. Oppdraget med å preparere løypene vart sendt ut til ulike entreprenørar – tre gav positiv respons. Prislappen er vel og merke stivare enn tidlegare:

– Om lag ein auke på 2 millionar kroner per år. Med andre ord nær ei dobling av kostnadane, konstaterer Myrekrok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rauland Turist AS har vurdert ulike effektiviseringstiltak. Eitt av desse er å utvide løypene, slik at ein kan bruke ei stor maskin over alt, men ifylgje rådmannen kjem ein sjølv då «ikkje å koma unna den store auken i kostnadar».

I dag får Rauland Turist AS 2 millionar kroner i kommunalt, årleg tilskot. Dei har no søkt kommunen om å auke dette med 1,5 millionar kroner. I tillegg ber dei om ein eingongssum på éin million kroner for å utvide løypenettet. Rådmannen tilrår at begge momenta får politisk gehør.

– Løypenettet er det viktigaste aktiva ein har i samband med reiseliv og som tilbod for fastbuande i Rauland og kommunen elles. Det er difor særs viktig å kunne halde fram det fantastiske løypenett-tilbodet ein har.

Kommunen må sjølv leggje arbeidet ut på anbod, jamfør EØS-reglane, då prosjekt som krev meir enn 200 000 euro må bli kjøpt som tenest av offentlege, og kan ikkje subsidierast gjennom ordinære tilskotsordningar.

Formannskapet behandlar saka denne veka.