Populær konkurranse: Mange stod i kø for å prøve seg med golfkølla. Dei som klarte «hole in one» vann eit dagskort på Rauland skisenter. Alle dei som vann vart også med i trekninga av eit sesongkort.

Rekordstor haustfest på Rauland

Rauland Haustfest har vekse, og i år var det over 50 utstillarar på den årlege haustfesten i turistbygda.

– I år lovar me ein haustfest som er større enn nokon gong, lokka Visit Rauland i forkant av laurdagens haustfest på Rauland.

Medan utstillarane tidlegare har fått plass i sentrum, langs vegen og på framsida av skulen, måtte dei i år også ta i bruk skulegarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakst for skatepark

– Ja, me har baka sjølve, fortel 8.-klassingane Mathias Bjørnø, Fabian Nystog og Mateo Dyrland.

Dei kan freiste med sjokoladekake, eplekake, bollar og kanelsnurrar. Gutane er ivrige skatarar og målet med salet er skatepark.

Bakst for skatepark: Nestleiar og leiar i Rauland Skateboardklubb Gyry Nystog og Alex Johansen (bak), stilte på stand saman med Mathias Bjørnø (framme f.v.), Fabian Nystog og Mateo Dyrland. Dei sel kaker, bollar og kanelsnurr til inntekt for skatepark.

Dei hadde stand i fjor også og tente då 5000 kroner. Målet er å tene endå litt meir i år. Og ganske tidleg på laurdag formiddag ser handelen ut til å gå bra. Gutane skjenkar kaffi og serverer kakestykke. Snart er det ikkje mykje sjokoladekake igjen.

Alex Johansen og Gyry Nystog er foreldre til ungar som har lyst på skatepark, og er også leiar og nestleiar i Rauland Skateboardklubb.

– Det vil jo bli eit område for alle. Ikkje berre skatarar, men også for mindre ungar på balansesykkel, sparkesykkel og vanleg sykkel, fortel Nystog.

– Me håpar også at det vil kunne ein stoppeffekt, også for turistar, seier Johansen.

Prosjektet har alt fått ein million i støtte frå Sparebanken DNB, og dei skal også søke om spelemidlar. I tillegg har dei fått litt pengar gjennom grasrotandel, og har planar om å opprette ein Spleis-aksjon. Og dei håpar på litt støtte frå kommunen.

– Saka ska vel opp i formannskapet og kommunestyret i november. Me håpar det skjer noko før jul, seier Johansen som fortel at prislappen på heile prosjektet blir truleg rundt seks millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Populært på ungdomsklubben

Med vakkert og friskt haustvêr var det også mange som trakk inn, og på Rauland ungdomsklubb fekk gjestene kjøpe mat og drikke.

Bak disken står Torjus Draugedal og Aanond Vasshus, som begge går i 9. klasse på Rauland skule. Dei har det omtrent like travelt som gutane som jobbar for å få skatepark.

Her går inntektene til drift og aktivitetar i regi av ungdomsklubben.

– Ja, me er ein del på klubben. Det er koseleg, seier Torjus mellom to kundar.

Travle: Kompisane Aanond Vasshus (t.v.) og Torjus Draugedal går begge i 9. klasse på Rauland skule. Laurdag hadde dei ein travel dag bak disken på ungdomsklubben.

Gunn Mari B. Holmeid er ei av to i styret til ungdomsklubben, og fortel at dei har klubb kvar tysdag og fredag.

– Og håpet er å utvide tilbodet, seier ho.

Klubben er for ungdom frå 8. klasse til dei er atten år, men det er helst ungdomsskuleelevane som brukar klubben.

– Me sel også lodd, og har fått inn veldig mange flotte premiar frå lokale aktørar. Til og med osten som kronprinsen laga då han var på besøk hos Lega, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pengane me tener i dag skal gå til drift og aktivitetar som til dømes turar, paintball, og arrangement knytt til jul eller Halloween, seier ho.