Planteikning: Slik ser skissa for alternativet med bruk av skuleplassen ut. Det andre alternativet er den privateigde Juvlandstomta (rett på nordsida av Rv37 frå skulen), men denne vil ifylgje COWI ha ein meirkostnad på kring 12 millionar kroner før den er byggeklar.

Presenterte planane for kunsthuset – føreslår store endringar i sentrum

Vinje-politikarane fekk tidlegare denne månaden presentert to alternativ for det nye kunsthuset i Rauland sentrum. Ingeniørselskapet som har jobba med saka meiner det beste tomtevalet er dagens skuletomt.

COWI, eit rådgjevande ingeniørfirma, presenterte planane på vegner av arbeidsgruppa, som mellom anna består av Vinje kommune og Vest-Telemark Museum. Kultursjef i kommunen, Kristian Rantala, fortalde at planane for eit skulpturmuseum på Rauland var blant det fyrste han tok tak i etter han byrja i jobben for to år sidan.

Innleiande forklarte Nils Anker, kulturminneansvarleg i COWI, at utgangspunktet for kunsthuset er at det skal vera eit brukarspesifikt og -orientert, og ha ein langt breiare funksjon enn dagens skulpturmuseum – Skinnarlandsamlinga og Dyre Vaa-museet. Bygget skal også vera utforma på ein klimavenleg måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så må ein ha uteplass til større arrangement, samt eigna løysingar til transport av kunst, forklarte Anker.

Kommunestyrerepresentant Irja Godal har alt skrive eit lesarinnlegg om prosjektet, les det og svaret frå kultursjef Kristian Rantala i lenkjene under:

Les også
«Av vegen, av vegen, her kjem sjølve Rauland Skulpturmuseum!»
Les også
Viser til innlegget «Av vegen, av vegen, her kjem sjølve Rauland skulpturmuseum!» tysdag 21.11.23

Tomtevalet

Politikarane fekk høyre om planane i form av ei orienteringssak i førre kommunestyremøte. Når saka kjem opp til politisk handsaming, i løpet av dei neste par møtene, skal politikarane i fyrste omgang ta stilling til kvar det nye bygget skal ligge.

Anker skisserte to moglege tomtealternativ, ei privateigd og ei kommunen alt disponerer. Den privateigde tomta er Juvlandstomta, på den andre sida av Raulandsvegen frå skulen.

– Denne må skaffast av kommunen. Me har fått prisanslag på kring 7-8 millionar kroner, og i tillegg må ein rekne ein kostnad på kring fem millionar kroner for å gjere tomta byggjeklar, fortalde han.

– Det er ei komplisert tomt, men det er den museet sjølv har peika ut som best eigna, heldt han fram.

Han viste til at ein måtte opparbeide tilleggsareal for kunstleveransar og lagringsplass, og at ein ikkje ville ha plass til å inkludere bibliotek i bygget.

Det kan ein derimot rett over vegen, på skuletomta, der det alt ligg til rette for å få på plass desse komponentane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samkøyrde prosessar

Det andre alternativet politikarane fekk presentert var altså å samkøyre prosessen med skuleopprustinga, og byggje ny skule lengre bak på tomta, ned mot fotballbanane, og bygge det nye kunsthuset omtrent der dagens skulebygg ligg, med tilknyting til og felles foajé som Raulandshuset og symjehallen.

– Her er det alt 90 parkeringsplassar, og ein treng ikkje å leggje til rette for fleire. Tomta er godt eigna til å ta imot både menneske og kunst, sa Anker.

Han understreka at løysingane han presenterte var «prinsippløysingar», og at utforminga på ingen måte var fastlåst.

Skuletomta eignar seg godt med tanke på samdrift med andre tenester og tilbod, noko Anker trur er grunnleggjande å få på plass for å lokke fleire besøkande. Mellom anna ynskjer ein å leggje til rette for ein kafe/restaurant, samt bibliotek.

– Museet i seg sjølv trekker ikkje så mange folk, kring 1 500-2 000 i året, medan prosjektet vil koste mellom 150 og 200 millionar kroner, opplyste han.

COWI føreslår at ein koplar planane for kunsthuset saman med planane for å ruste opp skulen på Rauland, og at ein, dersom ein landar på å byggje ny skule, nyttar dagens skuletomt til det nye museumsbygget.

– Dette er ingen konkret plan, enn så lenge berre eit prinsipielt spørsmål. Det er til dømes ingenting i vegen for at ein gjer seg heilt ferdig med skulen før ein tek til på kunsthusprosjektet, sa Anker.

På spørsmål frå Bertin Bjåen (Ap) om mogleg samdrift med skulen svarar Anker at dette hadde vore oppe til vurdering, men at dei trur «det er meir føremålstenleg for skulen å ha betre plass», enn det å samle alt i same bygg vil kunne opne for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektgruppa skal utarbeide sin endelege rapport etter at politikarane har sagt sitt kring tomtevalet.