Håpar dei skal bli: Bak og på sidene av dagleg leiar i Telemark Bilruter AS, Kenneth Lindquist, vil det kome ladarar for elektriske trailerar, pumpeanlegg for biogass og hydrogen, om han får det som han vil.

Pilot i det grøne skiftet. – Dette kjem anten me vil eller ei

– Det kom litt av seg sjølv å sjå på det grøne skiftet, seier dagleg leiar i Telemark Bilruter AS, Kenneth Lindquist. No er Nordbygdi i Seljord i ferd med å utvikle seg til eit viktig knutepunkt for nullutsleppskøyretøy.

Vestfold og Telemark fylkeskommune har vedtatt at all kollektivtrafikk skal vere fossilfri innan utgangen av 2026. Innan 2030 skal 50 prosent av køyretøyparken i Noreg ha nullutslepp. Oslo kommune melder at frå 2025–27 vil dei nekte å sleppe fossile bussar inn i sentrum, innanfor Ring 1. Krav om nullutslepp kjem både frå leverandørar og anbodstilbydarar. Vegtrafikk står for 55 prosent av utsleppa i Vest-Telemark. Ein stor del av dette er tungtransport.

Klima og natur

Vest-Telemark blad ser nærare på utfordringane regionen står framom – kva løysingar som finst, og kva tiltak som blir gjort.

Prosjektet er støtta av Fritt Ord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Komplett transportsenter

I Nordbygdi i Seljord ligg Telemark Transportsenter godt synleg frå vegen. Den nye avkøyrsla gjer det lett å kome til. I eit hjørnekontor mot søraust sit Kenneth Lindquist i sjefsstolen og den har han hatt sidan 1. august i 2021. Han seier at dei er i ferd med å møte dei utfordringane som kjem.

Transportsenteret til bilrutene har ei stor tomt og Telemark Bilruter har det ein kan kalle «hårete mål» både for området og for selskapet. Grønt skifte er eit nøkkelord i denne samanhengen. I tillegg til administrasjonsbygg, verkstad for store køyretøy, godsterminal og distribusjonsområde, skal dei ha både ladeanlegg for elektriske trailerar, biogassanlegg og hydrogen. Og sjølvsagt vanlege dieselpumper.

– Me hadde ikkje tenkt på grøn profil i utgangspunktet, men fleire leverandørar ønskte det. Området her ligg fint og flatt til for eit stort ladeenergianlegg, seier Lindquist.

Dei forskjellige lade- og fyllestasjonane vil stå samla på vestsida av bygget og vil vere lette å kome til både frå E134 og frå Nordbygdivegen.

– Dette er ei viktig brikke for å få til nullutslepp på køyretøy, seier Lindquist og legg til at dei alt har opsjon på åtte elkøyretøy og fire biogasskøyretøy.

– Det blir jobba med dette heile tida, seier han.

I Sandefjord har dotterselskapet Telemark Transportservice AS alt to elektriske lastebilar opp til 7500 kg på distribusjonsrutene der. Der har DB Schenker, som dei køyrer for, sørga for ladarar både ved lasterampene og ute på området.

På vestveggen til administrasjonsbygget Nordbygdi heng det allereie el-ladarar til driftsbilane, og skissene til anlegget er presentert både for framtidige leverandørar og for samarbeidspartnarane i Grønt landtransportprogram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føringane styrer

Lindquist seier at årsaka til at dei er så godt i gang, har å gjere med føringane som ligg for å vinne nye anbod.

– Det kom litt av seg sjølv. Styret hadde ein strategi om å sjå på det grøne skiftet. Skal me vere med i ei framtid, er me nøydde til å ta det innover oss. Dette kjem anten me vil eller ei. Skal me vinne i konkurransen om offentlege anbod, må me gå inn for å ha nullutslepp på køyretøya våre, seier Lindquist.

Føringane i offentlege anbod med krav om å levere nullutsleppskøyretøy og informasjonen om å nekte fossile bussar inn i Oslo sentrum, var avgjerande.

– Då blir det eit spørsmål om korleis me skal handtere det, me som har Oslo Bussterminal som knutepunkt for Haukeliekspressen, seier han.

Nytenking måtte til

Saman med dei to andre selskapa i Norway Ekspress; Jotunheimen Valdresruten Bilselskap AS og Konkurrenten.no AS sette dei seg ned for å finne ut korleis dei kunne handtere situasjonen. I samband med dette melde dei seg inn i Grønt landtransportprogram, som er inspirert av Grønt skipstransportprogram.

På den tida var området i Nordbygdi alt tenkt og teikna.

– Men me hadde ikkje tenkt ein slik grøn miljøprofil som dette tankanlegget som no er på trappene.

Det skulle vise seg at ideen om grøn miljøprofil slo an.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Området ligg flott til, og det gjorde at det blei populært å snakke med oss. Det me undersøkte var om det finst moglegheiter til å gjere noko anna enn berre å ha eit vanleg drivstoffanlegg som me skulle drifte sjølv.

Både oljeselskap, gass-selskap, Enova, hydrogenselskap, elladeselskap ser på kvar ein kan bygge infrastruktur. No har Telemark Bilruter skrive intensjonsavtaler på anlegg for biogass og hydrogen, og dei har bestilt straumkablar for elektriske ladarar. Dei skal ikkje eige anlegget, men drifte det.

– Så fokuset på dette området har blitt stort og ein viktig brikke for den nasjonale infrastrukturutbygginga for nullutsleppskøyretøy. Me ligg halvvegs til Haugesund og med tida vil tungtransporten på denne vegen berre auke. Det er den kortaste vegen frå aust til vest.

Vart grønare enn tenkt: – Me hadde ikkje tenkt på grøn profil i utgangspunktet, men fleire leverandørar ønskte det.

Pilotprosjekt

Oslo-Bergen og Oslo-Kristiansand er viktige ruter for Norway Bussekspress-selskapa. I tilknyting til Grønt landtransportprogram er Telemark Bilruter, saman med Jotunheimen Valsdresekspressen og konkurrenten.no, med i eit pilotprosjekt for å finne elektriske bussar som kan gå lenger enn 150 kilometer ein veg. Dei vil også, mellom anna, sjå på kva type motor og drivstoff som egnar eg best til slike langdistansebussar. Kanskje er det straum, kanskje er det biogass, eller kanskje hydrogenelektrisk. Prosjektet skal gå over to år.

Grønt landtransportprogram har også ein storskala pilot for batteridrivne tunge lastebilar på Austlandet. Her er Asko Transport piloteigar.

– Men her var ikkje våre ruter med i det heile, seier Lindquist og viser fram kartet for tungtransport- piloten. Haugesund ikkje er nemnt.

– Våre selskap i Norway Bussekspress knyter by og land saman. Hurdalsplattformen seier kva me skal drive med. Men staten vil noko anna. Dette har å gjere med desse anboda som øydelegg og raserer, og så seier eg: Men me varetar. Dette er lokomotivet, eller togbanen, for dei som bur i Distrikts-Noreg, som ikkje har jernbane, meiner han og minner om at desse selskapa opererer i naturreservata i Noreg.

– Kva ønsker me skal gå over Haukelifjell, kva ønsker me med å gå over Beitostølen? Kva ønsker me med sørlandsbyane våre der konkurrenten.no køyrer? Det går ikkje noko tog langs E18 som varetar Risør. Det toget går midt oppe i skauen, til Kristiansand. Kva varetar all trafikken over Haukelifjell som er ein viktig brikke for nullutslepp. Og det same med Jotunheimen. Både Jotunheimen Valdresruten Bilselskap og Haukeliekspressen køyrer inn til Bergen. Bergen ser til Oslo når det gjeld nullutslepp. Der kjem det ein del krav. Kanskje ikkje akkurat no i dag, men det kan kome om to år. Og så seier dei, sorry mac, no kjem du ikkje inn med ein Euro6 buss, no må du over på noko anna. Kva gjer me då? Derfor er denne piloten viktig. Me er i full gang. Staten heng etter. Gulrot og pisk fungerer ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kostnadar og risiko

Ein el-lastebil kostar tre gonger meir enn ein som går på fossilt brensel. Elbuss 2,5 gonger så mykje og ein som går på biogass kostar mellom 1,5 og 2 gonger så mykje som ein på fossilt brennstoff.

– Det blir ein kostnadsauke. Ingen veit kva dette kjem til å koste, dette er nytt og me lærer medan me går. Det er stor uvisse knytt til investeringane. Teknologisk utvikling går frykteleg fort, og med utviklinga kjem prisfall. Det grøne skiftet inneber også investeringar i ny teknologi som me ikkje kjenner livssyklusen til. Det er mykje uvisse knytt til dette. Kva skal me satse på? Eg trur alle tre, men det er plasskrevjande. Heldigvis har Distrikts-Noreg areal. For oss er det viktig å bidra. Det er viktig både for Telemark og for Seljord at dette anlegget blir bygd.

Tap av ruter

Sjølv om busstransport berre er 10 prosent av Telemark Bilruter si omsetning, meiner Lindquist at å miste lokalkøyring og Telemarksekspressen har svidd.

– Ein ser det på alt som går på anbodsprosessar, på byggeprosjekt og så vidare ser veldig mykje avvik, og da kan ein stille seg spørsmål om kvifor. Vy har per dato korkje fylt kravet om at bussane skal vere gule, eller at dei skal vere drivne med biogass. Det er jo konkurransevriding. Men leverer du eit anbod, må du stå i det du lever det på, og det skal du levere. Og det er ikkje gjort per nå.

Utfordringar – Halvere transportutsleppa innan 2030

*Transport utgjer 31 prosent av norske klimagassutslepp

* I Vest-Telemark står vegtrafikk for 55 prosent av utsleppa

*Næringstransport utgjer ein stor del av utsleppa

*Mange mobile einingar

*Umogen teknologi og kostbare løysingar

*Manglar infrastruktur, treffsikre tiltak og verkemiddel for grøn omstilling

Kjelde: Presentasjon Grønt landtransportprogram og Klimaplan for Vest-Telemark

Utslepp landtransport i millionar tonn CO₂-ekv.

Personbil: 4,3

Motorreiskap

(Landbruk, anlegg) 2,7

Lastebilar og bussar: 2,8

Varebil: 1,3

Kjelde: SSB og Miljødirektoratet

Ladestasjon: På vestveggen til det nye bygget er der allereie ladestasjon for driftsbilar og personbilar.