Oppmodar folk om å handle lokalt

For 15 år sidan starta Kjersti Torvetjønn opp sportsbutikk på Rauland. Nå merkar ho konkurransen lokale butikkar får frå sal av varer på internett.

Etter mange år i hotellbransjen såg Kjersti Torvetjønn at det var behov for ein sportsbutikk på Rauland.

– Folk mangla eller hadde gløymt utstyr då dei var på ferie her, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Handel på nettet er nok ein stor konkurrent

Mykje varer: Du finn eit stort utval hos Kjersti Torvetjønn på Rauland fjellsport. - Det er avgjerande at folk handlar lokalt elles forsvinn butikkane, seier Torvetjønn.

Ho opna Rauland fjellsport i det gamle kraftlagsbygget i Rauland sentrum.

– Den var liten, så då handelshuset skulle byggast bestemde eg meg for å skaffe større plass der, seier gründeren.

Rauland fjellsport gjekk frå 80 til 340 kvadratmeter då butikken flytta inn på Rauland handelshus i 2007. Hyttefolk, lokale og fleire folk som er på rehabiliteringssenteret AiR handlar her. Turistane er også innom. Rekneskapspapira for dei tre siste åra visar at handelen går nedover.

– Det går ikkje akkurat med stort overskot. Handel på nettet er nok ein stor konkurrent, seier Torvetjønn, som trur det gjeld fleire butikkar enn Rauland fjellsport.

Avgjerande at folk handlar lokalt

Etter handelsdagen black friday fortel Torvetjønn at Posten måtte sende ekstra bil med pakker til Rauland fordi så mange hadde handla på nettbutikkar.

– Folk er også blitt veldig bevisste på gjenbruk. Det er jo ikkje så lukrativt for oss som sel nytt, seier ho.

TA skreiv ein artikkel om Rauland fjellsport på nyåret der ho forklarte at rekneskapstala gjekk nedover.

– Eg trur det har fått folk til å vakne. Eg har merka auka bevisstheit på å oppsøke nærbutikken blant folk. Det er avgjerande at folk handlar lokalt elles forsvinn butikkane, seier Torvetjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.