Nærbutikken i Åmotsdal må stenge

Butikken får ikkje halde oppe på grunn av smittefare.

Det melder nærbutikken på Facebook. Der skriv dei:

«Folkens.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå har det skjedd.

Etter kontakt med legevakt, helsedirektoratet og kjede etter symptom hos ein av oss, må vi dessverre stenge butikken. Vi få ikkje lenger lov til halde open pga. smittefare. Dette er ekstremt dårleg for oss og for deg som kunde. Det er berre vi som driver, vi har ingen tilsette, og med ein slik situasjon som COVID-19 er det ikkje mogleg å halde ope vi håper at alle forstår dette.

Vi skal opne igjen etter avtale med kommune, overlege og kjede. Men det er usikkert når. Vi håper vi blir testa.

Det er mogleg at ein av oss kan jobbe igjen etter ein liten stund, men det kjem an på regler, lov og avtaler.

Vi ønsker at alle halde seg friske og ver så snill, hald deg heime ved symptom. Vi hadde aldri forventa dette, men det er jo ganske fort gjort,» er meldinga frå nærbutikken.