Skatarar: Sjuandeklassingane Matheo Nystog Nyland (f.v.), Fabian Nystog Hansen og Mathias Bjørnø frå Rauland er glade i å skate, og ønsker seg ein ny skatepark. Derfor selde dei karamellar på haustfesten på Rauland.

Matheo, Fabian og Mathias selde karamellar til inntekt for skatepark

Ull og olje, kalendrar og vottar, karamellar og snøskuterar – utvalet var godt i folkevrimmelet på årets haustfest på Rauland.

Ifølge Torben Andersen i Rauland Turist var heile 40 utstillarar påmeldt til den årlege haustfesten på Rauland. Det er rekordmange. Blant utstillarane var dei tre sjuandeklassingane Matheo Nystog Nyland, Fabian Nystog Hansen og Mathias Bjørnø frå Rauland. Dei selde heimelaga karamellar til inntekt for ny skatepark.

– Me hadde ein før, men den har blitt lagt ned, fortel Matheo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå vil me ha ein skatepark så det blir noko å gjere her, seier Mathias.

– Nå er det ingenting å gjere her på sommaren, meiner Fabian.

Dei har selt godt og er heilt tomme for karamellar når haustfesten nærmar seg slutten, og dei har fått inn litt kontantar i kassa. Men på ønskelista står ein betongpark, altså ein skatepark i betong, og for å finansiere det må nok frykteleg mange karamellar lagast og seljast. Dei er derfor i dialog med kommunen og på nyåret skal dei også søkje om tilskot andre stadar.

Medan dei ventar: Dei tre skatarane jobbar for å få ny skatepark på Rauland, i mellomtida kan dei øve litt på denne rampa som Fabian har laga sjølv.

Hundespann og glamping

Espen Bitubekk og Merete Neset frå Telemark Husky Tour har tatt med seg Mikkel på haustfest, ein sosial og kosete firbeint som helsar på alle som har tid til litt kos. Bitubekk og Neset bur på Rauland og tilbyr turar med hundespann. Bitubekk fortel at dei er alltid med på turane sjølve, men at også folk heilt utan trening med hund kan køyre sjølve.

– Du må vere i fysisk god form, men elles kan alle køyre, seier Bitubekk.

Dei tilbyr både korte og lengre turar, og også kennelbesøk som har slått an, særleg hos ungar. Heime har dei nemleg tjue bikkjer. Førebels har begge to anna jobb i tillegg, men håpet er at verksemda på sikt blir ein fulltidsjobb i alle fall for Merete, og i sommar sette dei også opp ein «Arctic dome», eit luksustelt, eller glamping, der folk kan overnatte heile året.

Les også
– Essensen er å kunne vera med dyra heile tida og samtidig gje andre denne opplevinga

Espen fortel at dei har mest turistar med på tur, men også litt lokale. Dei kan køyre med bikkjer når det ikkje er snø også, men vinteren er den travlaste tida.

– Det bør ikkje vere meir enn 12-13 grader, så haust, vinter og vår er best. Om sommaren blir det for varmt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Får de den beste opplevinga om vinteren?

– Eg vil påstå det, smiler Espen.

Ut på tur: Merete Neset, Espen Bitubekk og Mikkel i Telemark Husky Tour tilbyr turar med hundespann på Rauland.

Alltid på haustfesten

– Me er ikkje på mange marknad, men her er me kvart år. Det er fint at det er årleg, for då er det mange som kjem tilbake år etter år og vil kjøpe igjen, fortel Nils Johan Svalastog Garnes i Uliveti.

I tillegg til haustfesten på Rauland er dei kvart år på Vinjedagen og jolemarknaden i Brekkeparken. Olivenoljeprodusenten har selt godt på Rauland, og utvalet byrjar å bli litt utplukka.

Populær olje: Nils Johan Svalastog Garnes i Uliveti sel olivenolje til raulendingane Kirsten og Sivert Vaagen.

– Majoriteten sel me til dei besøkande, men også litt til lokale, fortel Svalastog Garnes, før det kjem to lokale kundar som gjerne vil ha ny olje til kjøkkenskapet.

Svalastog Garnes forklarar skilnaden på dei ulike produkta. Kirsten og Sivert Vaagen frå Rauland vel ein olje lagd på dei fyrste modne olivenane.

Lett og blanda: – Eg har selt godt i dag, men eg var på Akademiet for nokre veker sidan og der selde eg dobbelt så mykje som i dag, fortel Anne Varden.
Blomsterhandel: Kjetil Solstad stod på bod for Vinje Fjellflora, selde godt med lyng og reklamerte ivrig for oliventrea.
Samarbeidsprosjekt: Leiar i Mållaget, Kari Rustberggard, selde Vinjekalenderen med foto frå kommunen av Thor Christiansen, Harald Naper og Ove Inge Årlid og dikt frå niandeklassingar frå Edland, Åmot og Rauland.