Må skje fort: Magnus Kvalbein trur det kjem til å skje mykje i løpet av neste kommunestyreperiode. Og han meiner det er viktig at kommunane gjer seg opp ei meining om større solkraftanlegg.

Magnus trur det kan bli store solenergiparkar i regionen. – Mykje skal skje på kort tid

Magnus Kvalbein er sikker på at det vil bli bygd ut solkraftanlegg i Vest-Telemark. Og han meiner det er viktig at politikarane nå gjer seg opp ei meining om, og eventuelt kvar, det er aktuelt å byggje.

– Det er klimakrisa som er bakgrunnen her. Det er ei reell krise som me har ansvar for å gjere noko med, seier Magnus Kvalbein.

I 2022 vedtok styret i Vest-Telemark kraftlag at dei ville satse på fornybar energi. Kvalbein vart tilsett for å sjå på moglegheitene. I tillegg til vasskraft meiner han det er mest aktuelt å satse på solenergi i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil krevje store areal

Forretningsutviklaren i VTK er sikker på at det kjem til å bli bygd ut solkraftanlegg i regionen.

– Det kan bli store utbyggingar også, seier han.

Regjeringa legg opp til ei stor utbygging av solkraft i Noreg. Mykje skal bli gjort på kort tid.

Solenergianlegg er lette og forholdsvis rimelege å sette opp, men har også nokre ulemper. Større anlegg krev mykje areal og energiforma er ikkje regulerbar.

Kvalbein meiner ein må sjå på «grå område». Solenergianlegg på tak, industribygg eller i gamle nedlagde sandtak eller steinbrot er nokså greie å byggje ut.

Men skal ein nå måla om utbygging av solkraft vil det også vere behov for større anlegg. Og dei store bakkemonterte solekraftanlegga krev store areal. Kvalbein meiner det er viktig at politikarane gjer seg opp ei meining om, og eventuelt kvar, dei meiner det er akseptabelt å byggje ut slike anlegg.

– Eller kanskje ein må tenke motsett og sei kva for område ein vil verne, seier han.

Han trekker fram motstanden som har vore mot vindparkar og meiner det er viktig med god planlegging av solkraftanlegg for å unngå arealkonfliktar. Det meiner han både utbyggar, grunneigarar og politikarar er tent med.

Artikkelen held fram under annonsen.

For sjølv om han meiner at solparkar vil vere mindre prangande enn vindmøller vil anlegga vere godt synlege.

– Og ein må ha store areal for å forsvare nettutbygging av transformatorstasjon og straumkablar, fortel Kvalbein.

Fyresdal og Nissedal er best eigna

Eit eigna område for større solparkar må fyrst og fremst ha tilgang på mykje sol. Det bør ikkje vere for langt til høgspentnettverk, og det er ein fordel om det er i nærleiken av veg.

Kvalbein fortel også at det er ein stor fordel om det er lausmassar som sand og grus i grunnen.

Det er ikkje gunstig å byggje ut solparkar på fjell, og ikkje lov på dyrka mark.

– Då står ein igjen med skogen, seier Kvalbein.

Her bør ein vere bevisst på kva slags område ein nyttar, meiner forretningsutviklaren. Slik at ikkje arealinngrepa medfører for store utslepp. Han meiner det kan vere aktuelt å byggje på skogsområde som er klare for hogst, men meiner ein bør halde seg unna karbonrike område, som gamal skog og myrområde.

Av kommunane i Vest-Telemark meiner han at Fyresdal og Nissedal er best eigna til større solkraftanlegg. Dalføra går i nord-sør retning. Det gjer at det er mykje sol der. Det er også mange stader gode grunnforhold, der det er flatt og ein del område med mykje sand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigna område: Dei store furumoane på Langmoen i Nissedal er døme på eit eigna område meiner Kvalbein. Her er det gode solforhold og sand og grusjord.

Andre stader i landet har det vore prøvd ut utbygging av solenergianlegg på område der ein produserer gras. Da er det ikkje snakk om å byggje ned landbruksjord, men å få til ei samdrift.

– Å prøve ut det kunne vore nyttig, seier Kvalbein.

Solkraft er ikkje regulerbar

– Straum-marknaden er enkel. Det handlar om tilbod og etterspurnad, seier Kvalbein.

Når tilbodet er stort, fell prisane.

Solenergianelgg produserer mest straum frå mars til september. På denne tida blir det bruka lite straum på til dømes oppvarming. I tillegg har det blitt bygd ut mykje solkraft i Europa. Midt på dagen på sommaren kan straumen derfor nesten vere gratis.

Det gjer solkrafta usikker.

– Og det er ikkje sikkert at salsinntekta blir så høg, forklarar Kvalbein.

Som grunneigar kan ein tene på å byggje ut solenergi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men for kommunane er det overraskande lite å hente, fortel han.

Kraftverka har vore veldig lønsame, men kommunane vil ikkje få konsesjonskraft, grunnrenteskatt eller produksjonsavgift av solenergianlegg.

Sidan det er kommunane i Vest-Telemark som eig VTK vil eit eventuelt utbytte gå tilbake til kommunane dersom kraftlaget byggjer ut anlegga. Det vil bli ein del aktivitet rundt oppføring av anlegga, men om anlegga fungerer som dei skal er det lite arbeid med solkraftanlegg.

– Dei vil derfor gje få eller ingen arbeidsplassar til driftspersonell, meiner Kvalbein.

Viktig med fleire energiformer

Sidan krafta frå solenergi ikkje er regulerbar meiner Kvalbein det er viktig å ha ei solid vasskraft i bakhand. Vasskrafta kan ein i større grad regulere.

– Men i 2022 såg me at det var sårbart å berre basere seg på vasskraft, seier han.

Lite vatn i magasina førte til kraftkrise, og det var vanskeleg å overhalde krav til vasshøgde og minstevassføring.

Forretningsutviklaren trur derfor det er viktig at me baserer oss på fleire energiformer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sol, vind og vatn er nok betre enn berre vatn, seier han.

Han meiner også at Enøk-tiltak er viktig, og då særleg å ta ned vinterforbruket. Og der trur han det er bustader og servicebygg som har mest å gå på.

Skal ha tilbakeføringsplan

Solkraftverka skal ikkje stå så lenge. Det vanlege er ei konsesjonsgrense på 30 år, fortel Kvalbein. Solcellene har ei levetid på 30—45 år. Og alle anlegg som blir sett opp skal ha ein tilbakeføringsplan.

Kvalbein meiner at dette er ein av fordelane med solkraft. Anlegget er lett å føre tilbake.

– Kanskje bør me håpe at det kjem energisystem som er meir effektive i framtida, seier han.

Les også
Her kan den fyrste solcelleparken kome: – Dette kan bli starten på solsatsinga