Solcellepark: Solcelleparken er tenkt i midten av bildet, mellom Haukerhyl og snarvegen og ikkje langt unna bustaden til grunneigaren.

Her kan den fyrste solcelleparken kome: – Dette kan bli starten på solsatsinga

Styret i Vest-Telemark Kraftlag (VTK) ser på eit område i Treungen som interessant for å få på plass den fyrste solcelleparken til selskapet. Til veka kan det bli skrive intensjonsavtale med grunneigar Ivar Homme.

I eit brev til Nissedal kommune opplyser VTK ved forretningsutviklar Magnus Kvalbein at styret i selskapet har vedteke å gå vidare med planane om å etablere eit pilotanlegg for solkraftproduksjon på eigedomen til Ivar Homme i Treungen.

– Styret har sagt ja til å skrive intensjonsavtale med grunneigaren og utgreie saka om solcelleparken er god butikk. Dette kan bli starten på VTK si solsatsing, seier styreleiar og fyresdølen Erik Skjervagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein del millionar

Han nemner at det framover må bli gjort kartleggingar, utgreiingar og utrekning av kostnader for prosjektsatsinga.

– Ein solcellepark blir ikkje gratis – den kjem på ein del millionar kroner. VTK ynskjer å køyre prosjektet saman med grunneigaren. Dette blir spennande, seier styreleiaren, og legg til at VTK seinare må gjere eit vedtak om summen å investere i solcelleparken.

Har trua: Blir det intensjonsavtale med Vest-Telemark Kraftlag har Ivar Homme tru på at det kjem solcellepark i det solrike området bak han.

Nissedal kommune må ta stilling til ein søknad om dispensasjon frå gjeldande arealplan før det som blir kalla Haukerhyl solkraftverk i Treungen kan bli etablert. Endeleg løyve til nyetableringa er det Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som skal vurdere.

Håper kommunen gjev dispensasjon

Solcelleparken er tenkt mellom snarvegen frå Rv41 til fylkesvegen til Gautefall og vatnet Haukerhyl. Den moglege etableringa vil skje på eit rundt 15 mål stort område, trur grunneigar Ivar Homme.

I juni i fjor nytta han uthusområdet ikkje langt unna bustaden sin til å få på plass 42 solcellepanel, ei investering som dekker nesten heile årsforbruket av straum hos Homme.

Eigen straum: I juni i fjor investerte Ivar Homme i 42 solcellepanel, ei satsing som gjev han nesten all straumen det er bruk for på eigedomen.

Då han las i lokalavisa at VTK ynskte å satse på produksjon av solkraft og ville tilsette ein person for å jobbe med fornybar energi, kontakta Homme VTK. Grunneigaren sa til selskapet at han hadde veldig solrikt areal å tilby med tanke på å produsere solkraft.

– Eg har tru på at det blir solcellepark viss eg kjem til semje med VTK om ei intensjonsavtale. Me skal møtest til veka, seier Homme.

Så legg han til dette:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håper Nissedal kommune er positive til tiltaket, og at dei kjem med rask tilbakemelding til VTK om dette.