Innovasjon: Dagleg leiar Bjørg Minnesjord Solheim og resten av Telespinn i Svartdal er prosjektleiar og største aktør i innovasjonsprosjektet Teleull, som rettar spesielt fokus mot spælsau, mohair- og kasjmirgeit.

Innovasjonsprosjektet ber frukter – lanserer nytt, berekraftig garn

Telespinn i Svartdal har utvikla eit nytt, «heilnorsk» garn, EIR, som dei skal lansere på Dyrsku'n.

Garnet, som er laga av fiber frå mohair og spæl-lam, er utvikla gjennom det 3-årige regionale innovasjonsprosjektet Teleull, der Telespinn er prosjektleiar og største aktør.

– Sidan oppstarten av Teleull i juni 2022 har Telespinn jobba kontinuerleg med å utvikle nye produkt og forbetre produksjonsprosessane i ull- og garnindustrien. Det er testa ut ulike parameter på fiberblanding og variasjonar i produksjonsprosessen, for å lage betre garn, med berre norsk fiber, opplyser verksemda i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I garn- og tekstilindustrien er blir mange av råvarene, altså ull og fiber, sendt til utlandet for kjemisk behandling. Dette er ein praksis Telespinn har bryte med – all sortering, vask og spinning skjer i verksemdas lokale i Svartdal.

I videovindauget under kan du bli med VTB-TV inn i produksjonslokala til Telespinn:

Det nye garnet, EIR, er utvikla som ein del av Teleullprosjektet og blir lansert under Dyrsku’n.

– Garnet er heilnorsk, lokalt og berekraftig, skriv Telespinn.

EIR: Det nye garnet skal lanserast på Dyrsku'n.

Vil gjere småfedrifta meir berekraftig

70 prosent av fibrane i garnet er frå norsk mohairgeit og 30 prosent norsk spælsau. Desse to rasane utgjer, saman med kasjmirgeit, dei tre rasane som Teleull er fokusert på.

– Desse dyra er godt egna for eit liv i fjellbygdene, og målet med forskingsprosjektet er å bidra til eit grønt skifte i småfehaldet gjennom redusert klimaavtrykk og betre utnytting av heile dyret.

Prosjektet er delt inn i tre arbeidspakker, der Telespinn, saman med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås, forskar på korleis ein betre kan utnytte ull frå småfe. Fatland, Pak Star og NMBU arbeider med auka berekraft i småfe som kjøttindustri medan Universitetet i Sør-Noreg arbeider med kultur og tilknyting for dei aktuelle småferasane.

– Dette er eit spanande bygdeutviklingsprosjekt som bind saman element frå landbruk, teknologi, kultur og turisme. Dersom partane lukkast med arbeidet, kan det føre til at fleire satsar på berekraftig småfeproduksjon og til auka bruk av utmarksbeite, slik at me unngår at øvre Telemark gror att, seier Svein Tore Løkslid, styreleiar i regionalt forskingsfond Vestfold og Telemark, som støttar prosjektet.