Tømmer: Om ein justerer for dagens kronekurs, var tømmerprisen i 2023 den høgaste sidan 2001, ifølgje Landbruksdirektoratet.

Høgaste tømmerprisar på 22 år

Om ein justerer for dagens kronekurs, var tømmerprisen i 2023 den høgaste sidan 2001, ifølgje Landbruksdirektoratet.

Snittprisen for industrivirke var i 2023 på 539 kroner per kubikkmeter, opp 7,5 prosent frå året før, skriv direktoratet i ei pressemelding.

– Prisen i 2023 er på eit nivå ein ikkje har sett på mange år. Om ein reknar om dei nominelle tømmerprisane til reelle 2023-kroner må vi tilbake til 2001 for å finne tilsvarande prisar, seier seniorrådgivar Arne Rannem i Landbruksdirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt selde skogeigarane 11,1 millionar kubikkmeter tømmer til industrien i fjor. Bruttoverdien var på 6 milliardar kroner, opp 3 prosent frå 2022.

(©NPK)